Vil la elevane streika i skuletida

Å streika for klimaet skal kunna inngå som del av undervisninga i vidaregåande skular i Hordaland.

Det er uheldig at dagens nasjonale fraværsregler vert opplevd som lite fleksible og at det legg avgrensingar på dei unge sitt engasjement, seier fylkesutvalet i Hordland. Foto: Hordaland fylkeskommune.

14. og 22. mars streika ungdom over heile landet i skuletida på vegne av klimaet. Redsel for å få fråvær på vitnemålet førte truleg til at oppslutnaden om streikane, i det minste her i Hordaland, vart mindre enn engasjementet for kloden si framtid i aldersgruppa tilseier.

Les: Streika for klimaet

Ungdomen sitt engasjement på vegne av klimaet bør oppmuntrast og ikkje straffast med fråvær, var det brei semje om då fylkesutvalet i dag behandla elevane sin klimaaksjon.

Vis fleksibilitet
Fylkesutvalet i Hordaland oppmodar no leiinga ved dei vidaregåande skulane om å leggja til rette for at elevane kan engasjera seg i viktige samfunnsspørsmål, og at skulane syner fleksibilitet ved praktiseringa av fråværsreglane.

– Dette er eit flott engasjement av ungdommen i Bergen, Hordaland og verda for klima. Vi må vere fleksible slik at elevane ikkje får fråvær i ei så viktig sak, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då fylkesutvalet behandla saka.

Inngå i undervisninga
-Engasjementet kan inngå som ein del av undervisingsopplegget, slik at eleven ikkje får fråvær, opplyste fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal.

Eit synspunkt fylkesutvalet sa seg samde i.

Krav til politikarane
-Kravet frå ungdomane er klårt og tydeleg. Dei forventar at det vert tatt ansvar for å få ned klimagassutsleppa. Vi må gjera endå meir enn i dag for å nå 1,5-gradersmålet, og difor er det inga overrasking at ungdomane stiller krav til dagens politikarar og andre som kan medverka til det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling, vedtok fylkesutvalet.

-Elevdemokrati og ungdomsmedvirkning er viktig for Hordaland fylkeskommune. Det er ei målsetting at ungdomar skal kunne delta i politisk arbeid og påverka politiske prosessar. Derfor er det uheldig at dagens nasjonale fraværsregler vert opplevd som lite fleksible og at det legg avgrensingar på dei unge sitt engasjement.

Korleis dette kan gjerast, har fylkespolitikarane tinga ei sak om til neste møte.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.