Ny vgs: -Kan utsetja tomtevalet til neste haust

Den endelege avgjerda om val av tomt til ny vidaregåande skule treng ikkje skje før hausten 2020.
(Saka er oppdatert.)

Ferdigstillinga av den føretrekte tomten til ny vidaregåande skule på Sotra i Straume sentrum avheng av framdrifta av Sotrasambandet og utfylling av massar i Stovevatnet.

Det hevdar fylkesrådmann Rune Haugsdal i eit svar til Aud Karin Oen (SV) i fylkesutvalet i Hordaland.

Les: På tide å vurdera alternativ skuletomt?

-Arbeidet med ein ny stor skule på ei tomt som må regulerast tar om lag 5 år inkludert ei byggetid på om lag to år. Den nye vidaregåande skulen på Sotra er planlagd ferdig i 2025. HFK vil difor måtte ta ei vurdering om alternativ tomt skal nyttast seinast hausten 2020, skriv fylkesrådmannen

-Svaret er for så vidt greit, seier Oen i ein kort kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

SV-representanten skulle likevel gjerne ha stilt eit oppfølgjande spørsmål til fylkesrådmannen om kven som eig den alternative tomten aust for rådhuset på Straume.

-Korleis vil prosessen med eit eventuelt tomtekjøp påverka ferdigstillinga av skulen, spør Oen. Ho skulle og gjerne ha visst meir korleis eit eventuelt skifte av tomt vil påverka reguleringsprosessen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy delar Oen sin uro for ei eventuell utsetjing av nye Sotrasambandet. Enn så lenge vel ho likevel å forhalda seg til lovnanden frå samferdsleminister John Georg Dale om at dei skal rekka den fastsette sluttdatoen i 2025.

Det er Fjell kommune som eig den alternative tomten, bekreftar Bjorøy i ein sms til nettavisa Tunnelsyn.

Tomten ligg i eit område som er avsett til offentlege føremål i kommunedelplanen for Straume.

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.