Opna Øygarden lokalmedisinske senter

Draumen om eit lokalmedisinsk senter på Straume er endeleg verkeleggjort.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipte snora saman med administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen, medan dagleg leiar av senteret Tonje Tangen Alvsvåg og prosjektleiar for bygget Eirik Milde haldt snora. Foto: Fjell kommune.

I samhandlingsreforma frå 2008 la Regjeringa større ansvar på kommunane for å behandla pasientar utanfor sjukehus, førebyggja innlegging på sjukehus, og ta mot utskrivingsklare pasientar tidlegare enn før.

I Fjell tok vi utfordringa på alvor. Det nye lokalmedisinske senteret er eit resultat av samarbeid mellom Fjell, Sund og Øygarden kommunar og Helse Bergen. Resultatet har blitt eit bygg på 9.300 kvadratmeter med eit breidt tilbod av helsetenester.

Senteret vil få ei viktig oppgåve i arbeidet for å møta det framtidige helse- og omsorgstilbodet i nye Øygarden.

For å leva opp til forventningane vil dette verta den største helserelaterte arbeidsplassen i kommunen.

Desse kommunale tenestene er på plass: Legevakt, intermediær eining i samarbeid med Helse Bergen, fire plassar for øyeblikkeleg hjelp, 18 kortidsplassar, 10 plassar for døgnrehabilitering,  og lokalt frisklivs – og meistringssenter.

Spesialisthelsetenesta har flytta inn med ti plassar for dialysebehandling. Fylkestannlegen har samla dei lokale aktivitetane på Straume, og har fått plass til heile 13 behandlingsstolar.

Senteret vil også vera navet for tiltak i regi av «Sjef i eige liv».

Medicus legesenter har flytta inn, med plass til sju fastlegar, bidreg til å gjera tilbodet komplett.

Med ei kostnadsramme på 320 millionar kroner er dette det største enkeltprosjektet Fjell kommune nokongong har realisert.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.