Bryr oss ikkje om fylkespolitikken

Fylkestinget i nye Vestland får 65 representantar. Kor mange av dei trur du vil koma frå nye Øygarden?

Aud Karin Oen frå SV og Øygarden overlet plassen i fylkestinget til Symphorien Pombe. Arkivbilete.

(Saka er oppdatert.)
Klokka 12.00 i dag gjekk freisten ut for å senda inn lister til kommune- og fylkestingsvalet til hausten.

Nye Øygarden vert nest største kommunen i nye Vestland, med 38.000 innbyggjarar. Lokale politikarar har vore svært så opptekne av å understreka at «kjøtvekta» tel. At folketalet gjev oss ein posisjon vi skal vita å utnytta i til vår fordel.

Av dei 17 politiske partia som stiller lister til fylkestingsvalet, er det likevel ingen som har noominert toppkandidatar med nye Øygarden som heimeadresse.

Vi må eit godt stykke ned på listene før vi finn namna på lokale politikarar. Best ut kjem nye Øygarden i Sosialistisk Venstreparti. Dei har nominert Symphorien Pombe frå Sund på 3. plass.

Elisabeth Toft Erichsen frå Sund står på ein 6. plass på Venstre si liste. Høgre har sett June Vibecke Knudtsen Indrevik frå Kolltveit på 7. plass. Tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg står på 8. plass på KrF si liste.

FrP, der Anita Garlid Johannessen har representert oss i Hordaland fylkesting dei siste åra, har renominert henne, men først på ein 11. plass. Listeoppen i nye Øygarden, Svein Otto Jacobsen, finn vi på ein 19. plass.

På Arbeiderpartiet si liste må vi heilt ned på 70. plass før vi finn Einar Blom, på plassen før Ranveig Frøiland.

Manglar tradisjonar
Nådde dei lokale representantane våre ikkje opp? Eller bryr oss kanhende ikkje?

Ei forklaring på den mangelfunne representasjonen kan vera at strilane manglar tradisjonar for å blanda seg i regionpolitikken.

-Vi har klart oss sjølv, har ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell tidlegare sagt til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Inn i styret for Vestland Arbeidarparti

Tilsynelatande har politikarane våre ikkje teke inn over seg at det no bles andre vindar. Sstriden om areal og transportplanen burde i det minste ha lært oss at fylkestinget er eit viktig fora å vera representert.

Oppgåvemeldinga Regjeringa har lagt fram i samanhang med kommunereforma tillegg det regionale nivået, fylkeskommunen, større makt enn i dag, særleg i plansamanhang.

Du kan lesa alle dei 17 innkomne listeforslaga her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.