Etterlysing: Digitale hovud

Abeidsmarknaden i Bergensområdet vert stadig meir spesialisert. Er du ekspert på kunstig intelligens? I så fall kan du velja og vraka i jobbtilbod nett no.

Digitalt kompetansebehov hos klyngeverksemder i Bergensområdet. Illustrasjon henta frå undersøkinga.

Næringslivet i Bergensområdet har behov for meir enn 600 tilsette med digital kompetanse, viser ei undersøking utført av Bergen Næringsråd og VIS Innovation i samarbeid med klyngene NCE Media, NCE Seafood Innovation, NCE Finance Innovation og GCE Ocean Technology.

Til saman 166 respondentar i leiande stillingar har delteke i undersøkinga. Vel halvparten kjem frå små og mellomstore verksemder med under 50 tilsette.

Rett kompetanse
Eit høgt innovasjonstempo i klyngene medfører at kvar tredje verksemd slit med å finna personar med rett digital kompetanse i forhald til dei behova dei har, ifølgje undersøkinga.

AI, eller kunstig intelligens, og maskinlæring toppar lista over ønska kompetanse i alle dei fem klyngene. Kunnskap om digitalisering av verdikjeden står som ein solid nummer to på ønskjelista til personar med tilsetjingsansvar i Bergens-området.

Les: Kunstig intelligens skal knekkja lakselusa

Kunnskapar om analyse av stordata kjem på ein tredjeplass, ser vi alle verksemdene under eitt.

Først på ein fjerdeplass på lista finn vi etterlysing etter kompetanse på trygg databruk og vern mot datainnbrot.

AI på topp
AI er det området der gapet mellom opplevd behov og tilgang på kompetanse er størst. 45 prosent av verksemdene etterlyser personell med slik kunnskap. Berre 22 prosent har tilgang på slik kompetanse i dag.

Når det kjem til kompetanse på programmering og skytenester byrjar behovet derimot å verta dekka, skal vi tru undersøkinga. Kring 45 prosent av verksemdene har alt tilgang på kompetent personell på desse områda. Under 30 prosent av verksemdene er i marknaden for slik kompetanse.

Forretningsmodellar
Den digitale kompetansen tenkjer verksemdene først og fremst skal koma til nytte i arbeidet med å utvikla nye forretningsmodellar.

Heile tre av fire verksemder ønskjer å utvikla nye forretningsmodellar basert på digitalisering. Aller størst er fokuset innan finansnæringa. Her svarar heile 96 prosent at dei vurderer kva som vil verta mogeleg å få til ved hjelp av IT.

Attraktive jobbar
Meir enn halvparten av verksemdene meinar dei kan tilby attraktive jobbar for personar med kompetanse innan digital forretningsutvikling.

Nesten like mange etterlyser digitale hovud til systemutviklingsoppgåver.

Ny bølgje
Grunnlaget for ei ny digitaliseringsbølgje i det lokale næringslivet er alt på plass, skal vi tru undersøkinga.

Digitalisering av verdikjeden er den oppgåva som til no har stått høgast på dagsorden. Nær halvparten av verksemdene opplyser at dei alt i dag har høg digital kompetanse på dette området, saman med skytenester og programmering.

Du kan lasta ned heile undersøkinga her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.