Gjenoppvekkjer FpU

Ungdomspartiet til FrP har valt Sotra-namnet framfor Øygarden.

Styret i Sotra FpU, fv: Marianne Garlid Johannessen, Celine Andersen, Espen Eidesund og Anders Hjartøy. Martin Vindenes var ikkje til stade da han for tiden er i militæret. Foto: Malin Rasmussen.

Denne veka fekk kommunane vest for Bergen eit nytt politisk ungdomsparti. Sotra FpU er namnet det reetablerte ungdomspartiet til FrP har valt.

Nestleiar Marianne Garlid Johannessen har mange gode argument for at dei føretrekkjer «Sotra», istaden for «Øygarden»:

Langt uti gokk
-Sotra var namnet på det forrige ungdomspartiet. Vi vel å halda fast på det, enn så lenge, seier Garlid Johannessen til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Sotra er ungdomane meir positive til. Sotra er meir sentralt. Sjølv tenkjer eg at Øygarden er langt uti gokk, legg den nyvalde nestleiaren for Sotra FpU til og ler.

-Så de ser ikkje for dykk at de vil få medlemmar frå Øygarden?

-Jaudå. Namnet er vald inntil vidare. Tanken er å ta det opp att når vi er komne skikkeleg i gang. Lodda stemninga. Er det nokon som ønskjer å ta det opp att, så gjer vi sjølvsagt det, seier Garlid Johannessen.

At namnedebatten er inspirert av moderpartiet sin kamp mot Øygarden som namn på den nye kommunen, nektar ho for.

-Den har eg faktisk ikkje fått med meg. Eg var ikkje her då, seier ho.

Vera synleg
Sotra FpU er førebels eit heller eksklusivt parti, med berre ei handfull medlemmar. Nestleiaren reknar imidlertid med at lokale ungdomar som i dag er med i Bergen FpU vil melda overgang no som dei får eit alternativ heime på Sotra.

Strategien framover går ut på å vera synleg, på skular og i andre fora der ungdom møtes, seier Gardlid Johannessen.

Sjølv står ho på farten til skuleringsmøte i debatteknikk i Oslo.

-Dei har eit veldig bra opplegg for å skulera medlemmane i dette partiet, rosar ho.

På kommunevallista
-Sotra FpU kjem til å ha eit tett samarbeid med Øygarden FrP, og vil delta aktivt i valkampen, lovar Garlid Johannessen.

Ungdomspartiet har to kandidatar på Øygarden FrP si liste til kommunevalet. Anders Hjartøy står på 6. plass og sjølv står Marianne Garlid Johannessen på ein 39. plass.

På årsmøtet onsdag 3. april blei dette styret valgt:
Celine Andersen, formann
Marianne Garlid Johannessen, nestformann og økonomiansvarlig
Martin Vindenes, styremedlem
Anders Hjartøy, styremedlem
Espen Eidesund, styremedlem

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.