Kommentar: Ein ny kommune – tre nye bompengesoner?

Ovanfor NRK Hordaland freistar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy å framstilla det at «Folkeaksjonen mot meir bompengar» stiller liste til kommunevalet i nye Øygarden som eit forsøk på å få til ein omkamp om Sotrasambandet. Det er ein påstand som treng nyanserast.

Kor mange slike skal vi få på vestsida av Kolltveittunnelen? «Folkeaksjonen mot nei til mer bompenger» vil setja spørsmålet på dagsorden i den lokale valkampen.

Denne helga opna den ytre bomringen i Bergen, med 15 nye bomstasjonar. «Folkeaksjonen mot meir bompengar» har fått vind i segla om eit tema det har vore overraskande lite usemje om i etablerte politiske fora i Fjell, Sund og Øygarden.

Les: Bompengekart for Sotrastrilar

Å freista mistenkjeleggjera meiningsmotstandarane sine motiv er diverre ein tradisjon i politikken. Folk flest tenkjer på Sotrasambandet som ei ny firefelts bru, med ni kilometer tilhøyrande motorveg. Samla kostnad vert kalkulert til 17 milliardar kroner. Bilistane skal dekkja 7,3 milliardar gjennom bompengar, har kommunestyret i Fjell vedteke.

Les: Total kostnad 17 milliardar

Motvillig har Sotrastrilen akseptert at bompengar må til, skal vi kunna køyra køfritt over Sotrabrua.

Ytre bomring
Men det vil ikkje stoppa med ein bomstasjon ved Sotrabrua. Det politikarane visst ønskjer å skjula, er at Sotrasambandet skal forlengjast frå Kolltveit til Ågotnes, og frå Kolltveit til Austefjorden. Framlegga til reguleringsplanar for desse strekkjene er ute på høyring i desse dagar.

Les: Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Korleis dei to forlengingane av Sotrasambandet skal finansierast er enno ikkje formelt vedteke. Så langt verka det likevel vera brei politisk semje om at bilistane skal finansiera også desse strekkjene.

Les: Nye fv.555 Kolltveit – Austefjorden: Styr unna denne flaskehalsen

Opplegget for finansiering, og plasseringa av bomstasjonane i ein ytre bomring i nye Øygarden er ikkje avklart. Dette vil verta eit av dei første store temaene når kommunestyret i den nye kommunen samlast utpå hausten. Ein felles bomstasjon ved innkøyringa på vestsida til Kolltveittunnelen er ei av dei løysingane som har vore diskutert. Finansiering av kvar av strekkjene for seg, og tre bomstasjonar på vestsida, har og vore lufta.

FrP er einaste politiske partiet lokalt som har våga ytra i mot bompengar, på generelt grunnlag. Sjølv SotraLista, som yndar å kalla seg eit populistisk parti, vegrar seg for å setja nei til meir bompengar på programmet.

Les: Sandvik og FrP stemte mot bompengar

Nye motorvegar vert haussa fram politisk, under påskot om behov for raskare transport, skal Bergensområdet kunna fungera som ein felles bu- og arbeidsregion. At reisebehovet ikkje nødvendigvis samsvarar med privatøkonomien, er eit argument som har møtt lita forståing på ansvarleg politisk hald.

Les: – Bompengar er usosialt

Inndeling i økonomiske soner
Næringslivet i Fjell, Sund og Øygarden har applaudert samling av dei tre kommunane til ein. Bompengar svir – også for næringslivet. Støttar dei også ei økonomisk inndeling av den nye kommunen i tre nye bompengesoner?

«Folkeaksjonen nei til mer bompenger» vil setja temaet på dagorden i nye Øygarden. Bompengar er eit tema som må inn i den lokale valkampen. Skal nye Øygarden kunna fungera som ein kommune, treng vi fleire folkevalde som vil stemma mot etableringa av interne økonomiske barrierer.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.