Køyr sakte-aksjon mot bompengar

Fem lastebilar og om lag like mange vare- og personbilar frå Straume slutta seg til dagens ”Nok er nok”-aksjon mot meir bompengar.

Bruk dei statlege vegkronene på fire felts veg til Ågotnes og nye veg til Austefjorden framfor på Bybanen, oppfordra Tore Eide (fv.), Ronny Kivijarvi, Tom Havre, Magej Macijbijak og Christine Bjordal under dagens «Nok er nok»-aksjon på Straume.

I helga vart den ytre bomringen, med 15 nye bomstasjonar, teken i bruk i Bergensområdet. I dag arrangerer ”Nok er nok” omfattande gå sakte aksjonar, med start åtte ulike stadar i og rundt Bergen.

Nøye planlagt
-Vi skal køyra i 15 – 25 kilometer i timen til Bergen, og ta ein runde gjennom by’n for å markera kva vi meinar, lova plassleiar Ronny Kivijarvi og medaksjonistane hans Tore Eide og Tom Havre til nettavisa Tunnelsyn før kolonna sette seg i bevegelse frå Idrettsvegen på Straume.

Dagens aksjon var nøye planlagt. Forutan Straume starta saktegåande lastebilkolonner frå Bergen vest, Askøy, Fyllingsdalen, Åsane, Midttun, Rådalen og Lønningen.

Køyrer kvar dag
-Dette er ei markering frå oss som køyrer kvar dag og som ikkje ønskjer å måtta betala bompengar overalt, sa Kivijarvi.

Bompengar kunne dei ha akseptert å betala ved innkøyringa til Sentrum, føresett at pengane kom bilistane til gode.

– 80 prosent av bompengane går til bybanen. Det er heilt tussete, fekk Kivijarvi dei frammøtte sin hovudrystande aksept for.

Alternativ pengebruk
Det finst mange andre gode samferdsleprosjekt dei statlege midlane heller burde ha vore nytta på, til dømes ein fire felts veg til Ågotnes og ny veg til Austefjorden, var aksjonistane samde om.

Ingen av dei frammøtte la skjul på at Bybanen og Anna Elise Tryti, byråd for byutvikling i Bergen, ikkje er noko særleg populær i deira krinsar.

Grasrotopprør
Bak aksjonen stod dei politiske partia FrP, Pensjonistpartiet De Kristne og Folkeaksjonen mot mer bompenger.

– Dette er en oppfordring til veljarane om å nytta stemmeseddelen 9. september, seier aksjonsleiar Willy Padøy på telefon til nettavisa Tunnelsyn.no undervegs frå Åsane.

Padøy spår eit politisk grasrotopprør rundt alle dei store norske byane til hausten.

Fjerde aksjonen
Dagens aksjon hadde varierande oppslutnad. Ein halv time etter start mangla aksjonsleiar Padøy full oversikt. Han rapporterer imidlertid om sterk oppslutnad frå Åsane. Her starta det eit 100-tals lastebilar og kring 500 personbilar, ifølgje aksjonsleiaren.

Dette var fjerde aksjonen i Bergen sidan initiativtakarane til ”Nok er nok” starta protestarbeidet mot den utvida bomringen i desember 2016.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.