Annankvar stril fekk stønad frå NAV

Strilane vest for Bergen fekk utbetalt til saman 5,2 milliardar kroner frå NAV i fjor.

Nærare halvparten av innbyggjarane i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy fekk utbetalt ein eller annan form for økonomisk stønad frå NAV i fjor, viser ein fersk statistikk frå NAV.

Til saman fekk vi utbetalt 5,2 milliardar kroner, fordelt på kategoriane arbeidsliv og sjukdom, barn og foreldre og pensjonar.

Ikkje alle utbetalingane er med i oversikten. Statistikken omfattar berre den statlege delen av NAV. Midlane til sosialtrygd vert henta frå kommunebudsjettet og er haldne utanfor.

Over snittet
Samanlikna med folketalet er det litt fleire stønadsmottakarar i kommunane vest for Bergen enn snittet for alle kommunane i Hordaland. Høgast er andelen i Øygarden. Der tok 53 prosent av innbyggjarane mot ein eller anna form for stønad i løpet av fjoråret. Lågast er andelen i Askøy, der berre 48 prosent av innbyggjarane kan kalla seg «navar».

I Hordaland er gjennomsnittet 48 prosent.

Pensjonar
Dei samla utbetalingane i fjor auka med 88 millionar samanlikna med 2017. Mest auka utbetalingane til pensjonar. Medan utbetalingane til arbeidslause, sjuke og barnefamiliane gjekk litt ned, bidrog aldrande innbyggjarar til at dei samla pensjonsutbetalingane auka med 136 millionar kroner.

Pensjonistane utgjer 14 – 16 prosent av innbyggjarane i kommunane. Øygarden er eit unnatak, der er nærare kvar femte innbyggjar pensjonist.

Typen stønad avgjer storleiken på utbetalinga. Faste, månadsvise utbetalingar gjennom heile året medførte at utbetalingane til pensjonar utgjorde største einskildposten i tre av dei fire kommunane. Berre i Fjell utgjer utbetalingane til arbeidslause og sjuke førebels meir enn til alderspensjonistane.

161.000 kroner
I snitt tok kvar av stønadsmottakarane i vest mot 161.000 kroner frå NAV. Sundsokningane fekk høgaste snittutbetalingane, med 165.000 kroner. Lågast var utbetalinga i Fjell, med 157.000 kroner.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.