Nei, nei, nei – tjaaa for snøggbåt til Sotra

Busstopp på kaien var avgjerande for at Skyss tilrår Brattholmen som utgangspunkt for ei eventuell prøvedrift med snøggbåt til og frå Sotra.

Ingen av dei ni aktuelle lokalitetar på Sotra som Skyss har undersøkt med tanke på anløp av ein hurtigbåt til Bergen, oppfyller krava til ei permanent avlasting av Sotrasambandet. Skyss held likevel foten i døra for eit mogeleg båtsamband.

I ein fersk rapport frå Skyss, slaktar konsulentverksemda COWI AS alt håp om at ein eigen hurtigbåt til og frå Sotra skal kunna kutta køane på Sotrasambandet så det verkeleg monnar.

Kortare siglingstid
Siglingstida med båt frå Ågotnes, Brattholmen, Skogsvåg og Klokkarvik til Bergen vil ta vesentleg kortare tid enn ei bussreise, særleg i rushtida morgon og kveld, kjem det fram av rapporten.

Eit eige båtsamband med plass til 145 passasjerar vil krevja 13 – 15 millionar kroner i årleg finansiering, men vil ha begrensa effekt på køane, konkluderer konsulentverksemda.

Brattholmen og Ågotnes er vurdert spesielt. Berre Brattholmen eignar seg som stoppestad for ei båtrute, men i eit eventuelt forsøksprosjekt, ifølgje rapporten.

Eit stopp på vegen
Skyss held foten i døra for ei einklare løysing. Dagleg passerer hurtigbåter til Sunnhordland og Hardanger forbi lokale tettstadar som Knarrevik, Brattholmen, Skaganeset og Klokkarvik, utan å stoppa.

Skal Sotrastrilen kunna få tilbake eit båtsamband til Bergen, bør fylkeskommunen starta med å testa interessa hos dei reisande ved å få snøggbåten til Hardanger til å setja kursen innom Brattholmen morgon og kveld, konkluderer COWI.

Brattholmen
Eit stopp ved kaien på Brattholmen kvar veg morgon og kveld vil kunna ta unna 165 daglege reisande til og frå Sotra, ifølgje rapporten.

Informasjon om busetnadsmønster, dagleg arbeidspendling og reisevaneundersøkinga har medverka til konklusjonen.

Snøggbåten til Hardanger er valt avdi han har ledig kapasitet, i det minste i vinterhalvåret. Båten har dessutan ein siglingsplan som tillet ein ekstra stopp. Det er ikkje tilfelle med snøggbåten til Sunnhordland, ifølgje rapporten.

Ekskluderingskriterier
Dei ni lokalitetane på Sotra er vurderte ut frå seglingstid, seglingstilhøve, mogelegheit for etablering av kaiplass, parkering, tilkomst med buss, talet på busette i dekningsområdet og konkurransen med eksisterande kollektivtilbod.

Frykta for at eit båtsamband skal koma til å «stjela» reisande frå bussen går som ein raud tråd gjennom heile rapporten.

Du kan lesa rapporten her.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.