Får uttala seg om negativ snøggbåt-rapport

Skyss-rapporten som slaktar planane om båtrute til Sotra skal sendast ut på høyring til kommunane og det lokale næringslivet.

Denne flokken venta på snøggbåten til Bergen på kaien på Ågotnes under Sykkel VM. Det kan verta lenge til neste båtavgang.

Køane står på Sotrasambandet. Ei båtrute ville kunna ta unna mange reisande til og frå Bergen, og redusera presset på vegen, er mange Sotrastrilar overtydde om.

Ein fersk rapport frå Skyss er langt mindre optimistisk. Eit båtsamband til Sotra vil kosta 13 – 15 millionar kroner, men vil få begrensa oppslutnad hos dei reisande, konkluderer konsulentverksemda COWI AS.

Les: Nei, nei, nei og tjaaa til snøggbåt til Sotra

Ingen av dei ni stadane som er vurdert som potensielle anløpsstadar lever opp til konsulentverksemda sine krav. Som ein prøveordning kan ein likevel la snøggbåten til Hardanger gå innom Brattholmen morgon og kveld, vert det tilrådd.

På høyring
Rapporten stod på dagsorden til utval for miljø og samferdsel i dag. Eit samrøystes utval vedtok at kommunane bør få sjansen til å uttala seg om rapporten som i utgangpunktet er heller negativ.

Rapporten vert sendt på høyring til Fjell, Sund, Øygarden, Fellesnemnda for nye Øygarden og til Bergen. Det lokale næringslivet, som CCB, bør og få høve til å seia kva dei meinar, samstemte utvalet med fungerande leiar Marthe Hammer (SV).

-Det kan jo vera kommunane har betre forslag. Eller at dei ønskjer å bidra i eit spleiselag, sa samferdslesdirektør Håkon Rasmussen.

Du kan lasta ned rapporten her

Snøggbåt til og frå Sotra har vore eit tema i fleire rundar, utan at kommunane, næringslivet og fylkeskommunen har klart å bli samde om ei løysing. Økonomiske argument har voge tungt.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.