Krev auka statleg finansiering av ny byvekstavtale

Færre bilar gjennom Bomringen i Bergen gjev reinare byluft men undergraver finansieringa av byvekstavtalen.

Marthe Hammer
-Det er eit paradoks at di høgare måloppnåing byvekstavtalen får, di meir svekkast finansieringa, seier fungerande leiar Marthe Hammer (SV) i Utval for miljø og samfersel i Hordaland fylkeskommune.

-Staten må ta på seg større andel av finansieringa av framtidige tiltak i byvekstavtalen i Bergen, seier Marthe Hammer (SV), fungerande leiar for Utval for miljø og samferdsel i Hordaland til nettavisa Tunnelsyn.

-Den statlege andelen bør aukast til 70 prosent, seier Hammer.

Då Utval for miljø og samferdsel i dag drøfta det førebelse høyringsutsegnet til ny Nasjonal transportplan for 2022 – 2033, tok Hammer opp det problematiske i at høg måloppnåing i byvekstavtalen bidreg til å undergrava finansieringa.

-Bomringen har bidrege til å oppnå ein reduksjon i biltrafikken, slik politikarane la opp til.  Innføringa av meir kollektivtransport i Bergen og nabokommunane og utbygginga av Bybanen har gjeve ønska resultat i form av reinare byluft, fleire syklistar og færre bilar gjennom Bomringen, konstaterer SV-representanten.

Sidan 2008 har tala på bilar forbi bomstasjonane blitt redusert med 7,1 prosent, ifølgje årsmeldinga for kollektivstrategi for Hordaland.

Når stadig færre bilar passerer Bomringen, vert inntekta redusert tilsvarande.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.