I år kan du lesa Kystpasset på nett

«30 ramsalte turar i Fjell, Sund og Øygarden» er tittelen på årets Kystpass.

Lurer du på kvar du skal leggja helgeturen? På http://www.ordispor.no kan du sjå korte videosnuttar frå fleire av turane som vert nemnt i Kystpasset. Illustrasjon: Ordispor.no.

Sidan 2013 har Sund Turlag og Kystpasset lokka sundsokningar og andre friluftsglade til å utforska andre turområde i kommunen enn utmarka kring heimegarden.

I år inneheld Kystpasset turforslag i alle dei tre kommunane som snarta skal verta eitt. For første gong er heile 30 forslag til turar i Fjell, Sund og Øygarden samla mellom to permar.

Kvar av turane har ein kort omtale, med kart, startpunkt og GPS-koordinatar.

For å visa at friluftsliv er meir enn fotturar, går ein av turane i kvar kommune med kajakk.

På nett
Initiativtakarane ønskjer å inspirera flest mogeleg til å leggja turen ut i den vakre Sotra-naturen. Bok-versjonen av Kystpasset har begrensa rekkjevidde.

Dette året vert det også mogeleg å lesa Kystpasset på nett, fortel Linn Christin Tørgersen som er rådgjevar for friluftsliv i Fjell og som har vore prosjektleiar for Kystpasset.

Du kan lasta ned den digitale versjonen av Kystpasset på heimesida til nye Øygarden kommune.

Saltskohamn er einaste turforslaget på Litle Sotra.

Fellesnemnda
Bak initiativet dette året står Fellesnemnda for nye Øygarden, som har finansiert prosjektet gjennom tiltaket lokaldemokrati og identitet.

Mange av turane går i sjøkanten. Kystkulturen er utan tvil ein viktig del av identiteten vår.

Heidra turlaga

Ramsalte karar: tv. Sveinug Fjellstad (Fjell Turlag), Reidar Vorland (Sund Turlag) og Steinar Hellesund (Sotra og Øygarden Turlag), vart heidra på vegne av dei mange frivillige i turlaga med lokale godsaker laga av tang og tare.

Dei fire turlaga i regionen spelar ei viktig rolle for å fremma lokalt friluftsliv. Utan deira arbeid med å tilretteleggja og merka stiar, og arrangera turar som passar for strilar i alle aldre, ville ikkje Kystpasset ha blitt ein realitet, rosa ordførar Kari Anne Landro i Sund dei meir enn 1.000 frivillige for innsatsen i samband med lanseringa av Kystpasset for 2019.

Dette opptek ungdomen
For dei som måtte lura på kva dei lokale ungdomane er opptekne av: Mange av dei er medlemmar i turlaga i regionen, og mange av dei driv med friluftsaktivitetar som klatring, kajakkturar og rafting, fortalde Sveinung Fjellstad i Fjell Turlag under lanseringa.

Nettavisa Tunnelsyn.no har gjennom fleire år omtala eit 30-tals ulike turforslag under kategorien «Helgeturen». Dei kan du lesa her.

 

 

 

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.