Medverknadmøte gav hjelp til å prioritera

På medverknadsmøte om utbygginga på Nordre Bildøy fekk Liegruppen AS dei gode ideane gratis.

Gruppediskusjonar. Georg Strandenes (fv), Hege Bjørdal (begge frå Hyttelaget), Marianne Sandahl Bjorøy, Lisbeth Selstø, Lena Svalastog Garnes (alle frå Fjell kommune) og Tarald Jensen (Opus).

Ein heil ny bydel med kanhende så mange som 10.000 innbyggjarar og med nærleik til sjø bør ha plass til det meste, tenkte dei 40-tals frammøtte på Liegruppen AS sitt medverknadsmøte om Nordre Bildøy.

Les: Vil ha råd om Bildetangen

Breidt tenestetilbod
Det mangla ikkje på idear. Barnehage, skule, helsesenter, butikkar, fritidstilbod og sjukeheim var mellom dei konkrete ønskjene som vart lufta.

Les: Avslører planane for Bildetangen

Tilrettelegging for alle aldersgrupper, og ulike kvalitetar på bustadmassen, slik at alle kan ha økonomi til å bu der, vart framheva.

Ingen anleggsplass
Liegruppen ser for seg at dei startar både i nord og sør, på ei utbygging som vil gå over fleire tiår. Då vert det viktig å ferdigstilla infrastrukturen før byggjestart, slik at bebuarane ikkje sit att med inntrykk av at dei bur på ein evig byggjeplass.

Kanhende bør dei heller konsentrera utbygginga, og gjera eitt felt ferdig om gangen?

Hyttefeltet
Hyttefeltet på austsida av halvøya var rikt representert. Utarbeidinga av områdereguleringa for dette området er lagt på is, i det minste inntil vidare, ifølgje ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som også var tilstade.

Liegruppen bør uansett skjela til naboområdet når dei utarbeidar sin plan, tok hytteeigarane til orde for.

Infrastrukturen på Bildetangen bør tilretteleggjast med innkøyringar mot hyttefeltet, parkering, og tilkopling for  vatn og avløp, oppfordra hytteeigarane.

Tilkomst gjennom Straumsundet?
Ønskjet om å gjera sjøen tilgjengeleg for fleire er noko av drivkrafta til planeigarane. Kva då med å sikra tilkomsten med båt frå sør, vart det spurt frå ei av gruppene. Straumsundet slik det ligg i dag utgjer ein barriere, vart det hevda.

Like utanfor nordspissen av Bildetangen ligg eit viktig gyteområde for kysttorsk. Her gjeld det å få til ei fornuftig grense mellom bustadområde og dette viktige naturressursområdet, framheva Henning Ekerhovd, leiar for Komite for Plan og utvikling.

Hjelp til å prioritera
Roy-Eddy Lie og Jan Arthur Nilssen i Liegruppen AS hadde høyrt mange av ideane tidlegare.

-Å høyra kva som opptek folk, gjev hjelp til å prioritera, oppsummerte Roy-Eddy Lie inntrykka etter møtet.

Les: Ei gåve til politikarane

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.