Stolleik på rådhuset

Kven vert tilsett i mellomleiarstillingane i den nye kommunen?

78 tilsette i Fjell, Sund og Øygarden konkurrerer i desse dagar om 25 mellomleiarstillingar i nye Øygarden.

Tre kommuneadministrasjonar skal verta ein. Rådmann og fem kommunalsjefar er alt på plass.

No er tre stillingar som assisterande kommunalsjef, 16 stillingar som einingsleiarar og seks stillingar som stabsleiarar utlyste.

Stillingane er populære. Etter ei intern utlysing konkurrerer 78 personar om dei 25 mellomleiarastillingane i nye Øygarden, kjem det fram av søkjarlistene. Mange av søkjarane kan tenkja seg fleire av dei utlyste stillingane.

Gjennomgåande er det flest søkjarar til stillingane som assisterande kommunalsjefar. Aller størst er interessa for å verta assisterande kommunalsjef for oppvekst. Heile åtte personar kan tenkja seg denne jobben.

Stillinga som stabsleiar for innkjøp og investering har fått sju søkjarar.

Mens det vert konkurranse om tilsetjinga i dei fleste stillingane, er det berre ein søkjar til stillingane som einingsleiar for barnevern og som kommuneoverlege.

Ingen skal mista jobben som følgje av kommunesamanslåinga, ifølgje intensjonsavtalen som ligg til grunn for kommunesamanslåinga. Dei som ikkje når opp når rådmann Rune Lid legg leiarkabalen for nye Øygarden er dermed sikra jobb også etter 1. januar 2020.

Tilsetjinga skal etter planen vera klar til 7. mai.

Du kan lesa søkjarlistene på heimesida til nye Øygarden kommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.