Her kan ungdommane få hjelp med matematikken

Sommarskulen har hjulpe mange ungdommar til å få den matematikkforståinga dei treng for å koma vidare i utdanninga.

Sommarskulen
Frå sommarskulen 2016. Arkivbilete.

Sommarskulen er eit gratis tilbod om eit to vekers intensivkurs i matematikk for elevar i vidaregåande opplæring i Hordaland.

Det årvisse tilbodet er resultatet av eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors. Eit 150-tals elevar pleier årleg nytta seg av tilbodet.

I år vert sommarskulen arrangert i dagane 24. juni til 5. juli. Kursstadar vert Bergen, Knarvik og Stord.

På Knarvik kan elevar frå andre stadar i fylket og som bur for langt vekke til at dei kan reise til og frå på dagen, få tilbod om overnatting.

Det vert ikkje sommarskule på Askøy i år.

Les: Brukar ferien til å læra matematikk

Undervisninga vert retta mot elevar i yrkesfag og lærlingar som treng eksamen i matematikk frå Vg1.

Det vert gjeve eigne kurs i matematikk for elevar på studiespesialiserande, men utan avsluttande eksamen.

Elevar utan norsk som morsmål og som har budd kort tid i landet kan få tilbod om norskundervisning.

Du kan lesa meir om tilbodet og melda deg på, på heimesidene til Hordaland fylkeskommune. Påmeldinga er open heilt fram til ei veke før kursstart.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.