Kom alle biene

Sommartemperatur i påskehelga har lokka hageeigaren ut i sola.

Ein uvanleg mild vinter har vike plass for ein uvanleg tidleg vår. Skyfri himmel, temperaturar opp mot 20 grader og tilnærma vindstille har gjeve sommarkjensle alt i påskehelga.

Sjekk denne fargeprakta. Raud rododendron, kvit magnolia og svakt rosa rododendron. Blåfargen drøyer nokre dagar…

Eg er ikkje aleine; Bjørk og hegg står med grønskjær, knallraud rododendron og spirkvit magnolia lyser alt opp i hagen. Tre veker tidlegare enn i fjor – som også var eit tidleg år.

Kom alle biene. Opal-treet lovar ein rik plommehaust.

Plommetreet har alt opna dei første kvite blomane i breide kvite smil mot verda. Eit vårleg spiskammers for bier og humler på leit etter pollen.

Grønt gras dekkjer alt lauvet som fall i fjor. Gjer ingenting det, vert god gjødsel av slikt.  Og mindre arbeid for hageeigaren. Ho treng berre konsentrera seg om å fjerna greinene som falt av trea gjennom ein vindfylt vinter.

Hagestellet konkurrerer med lokale turterreng om fridagane. Utmarka på Sotra er alt farande for kvinner i joggeskog. Siste glimt av snøen fekk eg på Ulriken. Godt vaksne kvinner har då framleis energi til å ta seg over Vidden ein solskinsdag…

Fem timar over Vidden vart litt snaut, men ingen sørgjer over snøen som fall i fjor…

Ein snartur innom Vossajazz vart det og tid til: Kven kan vel motstå det når Olav H. Hauge og Hildegunn Rise lokka med «Under stjednone»? Eg seier ikkje meir.

…og framleis er det to helgedagar att!

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.