Helgeturen: Vegen kom aldri til Saltskohavn…

men turlaget har oppdaga den søvnige idyllen på nordaust-sida av Litle Sotra.

Her manglar berre Tjorven og Båtsmann. Hadde det ikkje vore for dei norske vimplane som vaia mot knallblå himmel, kunne den søvninge idyllen ha vore henta frå ei filmatisering av ei av Astrid Lindgren sine bøker.

Men Saltskohavn er ei hyttegrend heilt på nordaust-sida av Litle Sotra. Einaste utmarksturen på den mest folkerikaste øya i nye Øygarden som er funnen verd å namnast i Kystpasset.

Les: I år kan du lesa Kystpasset på nett

Saltskohavn ligg i utmarka til Våge. Skal vi tru Fjell Bygdebok, har det aldri budd fastbuande her over lengre tid. Rett nok var det kring 1930 ein familie som seg ned her, bygde hus og dyrka jorda, men dei vart visst ikkje verande så lenge.

Hyttefolka derimot… Eit 30-tals hytter i varierande stand ligg i dag spreidd i terrenget opp frå Hjeltefjorden. Mange av hyttene vitnar om flittig bruk og kjærleg stell. Andre formeleg skrik etter ein handyman med hammar og malarkost.

Bergblom. Bergenia
Bergblom eller Bergenia er ein hardfør, fleirårig staude med vintergrøne blad. I Saltskohavn har han forvilla seg utanfor hagegjerdet.

Hageentusiastar vil innimellom kunna oppdaga overlevarar frå oldemor sin prydhage.

Saltskohavn, kaien
Djupvasskai. Strategisk plassert for rutebåten til og frå Bergen var Saltskohavn ein populær feriestad så lenge fjorden var Riksveg 1. I samband med statusoppgraderinga til omtale i Kystpasset har Turlaget utplassert kasse med bok. Kva med å selja vaflar, is og brus her?

Den sovande perla har sett travlare dagar. Tidleg på 1900-talet var Fjell kommune ein populær feriestad for bergensarane. Saltskohavn låg stragtegisk til for rutebåtane til og frå Bergen.

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Bygdene nord på Litle Sotra var mellom dei aller siste som fekk veg. Då vegen kom til Våge i 1960 oppfordra leiinga for Sotra & Øygarden rutelag om at vegen måtte forlengjast til Saltskohavn og Knappen til Knarrevik, slik at båtruta kunne leggjast ned. Vegen kom aldri, men båtruta vart lagt ned likevel, ifølgje Fjell bygdebok.

Saltskohavn har sett travlare dagar. Nokre av hyttene kunne hatt god bruk for ein handyman.

Dei som i dag vil ta turen til Saltskohavn kan ta beina fatt frå båthavna på Våge. Turen går via ein godt trakka sti. Husk å halda til venstre alle stadar der stien deler seg.

Vel framme skjønar du at staden ein gong hadde nærare samband sjøvegen enn gjennom utmarka til Våge. I sør kan du sjå husa på Hjelteryggen, og på andre sida av Hjeltefjorden ligg Marikoven på Askøy.

Ein kort og lett sti. Denne brua fører over er eitt av dei få våte partia.

Ein kort og lettgått tur i relativt flatt utmarksterreng. Du finn den første hytta etter knapt eit kvarters gange. Tur – retur klarar du godt å gjera unna heile turen på halvannan time.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.