Brukar FN sine bærekraftmål som argument for å planleggja ekstrem folkevekst i Ågotnes-området

Folketalet i Nordre Fjell vil tredoblast, til 12.000 personar innan 2050, hevdar Fredrik Barth i Vill Urbanisme AS.

Kan klimamål og manglande kollektivtransport i bygder som Morland føra til at innbyggjarane får press om å flytta til Ågotnes sentrum, spurte Katrine Fløisand.

I dag bur det knappe 4.000 personar i området.

Dei hårete visjonane for framtidig folkevekst i nye Øygarden blømer i utkastet til kvalitetsprogrammet for Ågotnes Sentrum.

Fastare grep
Kvalitetsprogrammet er Fjell kommune sitt forsøk på å ta eit fastare grep om verkeleggjeringa av kommunedelplan for Ågotnes, og få dei mange private planane i området til å hengja saman, innleia rådgjevar Eli Janette Fosso i planavdelinga i Fjell kommune presentasjonen på Tranevågen ungdomsskule i kveld.

Eit 20-tals personar hadde funne det interessant å oververa presentasjonen.

Planleggjarane var tydelege på at kvalitetsprogrammet ikkje er endeleg, og at dei ønskjer innspel til den vidare prosessen.

FN sine bærekraftmål
Det framtidige folketalet på 12.000 personar har arkitekt- og planleggingsverksemda Vill Urbanisme AS kome fram til ved å kombinera Bergen Havn sine planar for Ågotnes-området med FN sine bærekraftmål for byområde.

Les: Lita merksemd på bærekraft i havet

Fredrik Barth i Vill Urbanisme AS ser tre bøygar i utkastet kvalitetsprogrammet: Det manglar folk, det manglar offentlege areal som kan leggjast tilrette for 12.000 innbyggjarar, og det er behov for større funksjonsblanding i sentrum.

FN sine bærekraftmål tilseier at det bør bu 15 personar per mål i ein by. Bergen Havn ser for seg at det vil vera 6.000 arbeidsplassar på Ågotnes i 2050. Skal ein nå klimamåla, og unngå at fleirtalet av dei tilsett må køyra med bil til og frå Bergen dagleg, bør folketalet i Nordre Fjell tredoblast til 12.000, har Vill Urbanisme rekna ut.

Berre 4.000 av dei nye innbyggjarane skal bu innanfor det 253 mål store området som vert omfatta av Kommunedelplan for Ågotnes. 2.000 personar vil bu i området nordover mot Øygarden, og like mange vil bu sørover mot Straume.

Fryktar flyttepress
-Lokal transport er ei utfordring. Du skal ikkje bu så langt unna fylkesvegen før du er avhengig av bil, konstaterer Katrine Fløisand frå FAU ved Knappskog skule.

Heimesjukepleiaren med fire småborn fryktar at manglande offentleg transport, kombinert med restriksjonar på bruk av privatbil vil skapa press på innbyggjarane i små bygder som Morland om å forlata heimane sine og flytta til Ågotnes sentrum.

Truverdig plan?
-Trur du det vil bu 12.000 menneskjer i Ågotnes-området i 2050?

– Det vil nok ikkje drøya så veldig mykje lenger, svara teknisk direktør Ronny Haufe som ha representert CCB AS i planleggingsarbeidet på direkte spørsmål frå netteavisa Tunnelsyn.no.

Miljøgate
For å gjera Ågotnes til ein attraktiv stad, er det fleire store tiltak som bør gjennomførast, tenkjer Barth og hans kollega Mona Mortensen i Vill Urbanisme AS.

15 prosent av sentrumsarealet bør avsetjast til offentlege rom, tenkjer planleggjarane.

Planane om ein ny fv. 561 utanom Ågotnes sentrum, opnar for at dagens fylkesveg vert omgjort til ei lokal miljøgate, omgjeven av offentlege institusjonar, torg, park og grøntområde.

-Miljøgata er det ein bør starta med, og som vil avgjera korvidt ein vil lukkast med å skapa ein attraktiv stad, hevdar Barth.

-Kommunen planlegg på område som vert eigd av private, men har ingen planar om sjølv å vera byggherre. Utbyggjarane må forhalda seg til rekkjefølgjekrav som tilseier at dei offentlege områda må vera opparbeida før dei kan gjennomføra sine planar. Slik vert ingenting gjort, vart det innvendt frå salen.

Bussterminalen og høgspentlinja
Bussterminalen må flyttast. Det må byggjast eit stort parker og reis-anlegg i tilknytning til den nye terminalen.

Ny lokalisering er enno ikkje avgjort. Her ønskjer planleggjarane innspel frå lokalmiljøet.

Utviklinga i Ågotnes sentrum har i stor grad vore dominert av høgspentlinja nordover mot ilandføringsanlegga i Øygarden. Høgspenten skal framleis gå i dagen gjennom Ågotnes sentrum. Statens vegvesen har ikkje planar om at han skal gravast ned sjølv om fv. 561 skal leggjast om, ifølgje planleggjar Lena Svalastog Garnes.

Tidlegare saker om planarbeidet på Ågotnes:
Les: -Ta kontroll over utviklinga

Les: Då bydn kom til Ågotnes

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.