Eit einkelt val

I forventning om fleire varme, solfylte dagar i nær framtid, vert det einkelt å velja vin.

På terassen eller ved sjøen. Då er det mange som gjerne nippar til ein frisk og kjøleg kvitvin utan for store krav til kompleksitet i smaken.

Vinho Verde har vore mange nordmenn sitt første møte med portugisisk vin. I kystområdet heilt nord på grensa mot Spania produserer dei friske og alkoholsvake vinar meint til å drikkast unge.

Loureiro er ei av dei vanlegaste kvite druene som vert nytta i produksjonen. Ein druetype som gjev syrlege vinar med duft av lime, grøne epler og ein svakt mineralsk ettersmak.

Solar das boucas lever opp til forventningane om godt drikke til fisk og skaldyr i festleg lag. Svakt perlande i glaset. Det er 2018-årgangen du finn i butikkhyllene no.

Mykje vin for pengane er kjenneteikn for dei vinane nettavisa Tunnelsyn.no omtalar. Stort rimelegare vinar enn Solar das Boucas finn du knapt på Vinmonopolet. Prislappen på 125 kroner er i dette tilfellet likevel ikkje noko signal om at du bør skugga banen. Tvert om!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.