Kommentar: Billige tomtar, steindyr stein

Aldri har eigedomsspekulasjon vore eit større risikoprosjekt i nye Øygarden enn no.

Saltskohavn
Aukande interesse for folkehelse og mogelegheiter for friluftsliv skapar interessekonfliktar og underbyggjer sentraliseringa i Straume-området.

Å kjøpa rimelege tomteområde og la dei liggja i nokre tiår i påvente av stigande eigedomsprisar, har lenge vore ein sikker veg til rikdom for langsiktige eigedomsspekulantar og utbyggjarar. Slik også på Sotra.

Tomteprisen avheng av fleire faktorar; lokalisering er viktig. Status i offentlege planar og framtidig utnyttingsgrad har likevel vore avgjerande.

Marknaden rår
Lokalpolitikarane vedtek reguleringsplanar. Marknaden rår. I ein utbyggjarstyrt kommune som Fjell har bustadbygginga lenge overgått det marknaden klarar å svelja unna. I heile nye Øygarden er det for tida 435 bustadar til sals. 270 av dei er nybygg eller vert seld som prospekt, ifølgje Finn.no. Fleire større prosjekt er lagt på is.

Byggjekostnadane er faste. Tomteland er ein avgrensa og ikkje fornybar ressurs. Likevel er tomteprisen bufferen som vert nytta til å regulera sluttprisen til kjøpar. Når kommuneplanen opnar for så mange bustadar at ikkje eingong dei mest spinnville folkevekstoptimistane klarar utvikla prognoser for kvar dei skal henta folk til å bu i alle desse bustadane, seier det seg sjølv, då går tomteprisane ned.

I fritt fall
I nye Øygarden verkar tomteprisane utanfor Straume-området å vera i fritt fall.

På Rong får ein dominerande utbyggjar kjøpa eit sjeldant attraktivt tomteområde i sjøkanten til under halv takst. I byte får seljar, som er Øygarden kommune, fire millionar kroner og 25.000 kubikk med stein.

Les: Kommunal gåvepakke til privat utbyggjar

Sprengstein er vanlegvis ein utbyggjar sin store hovudverk. Eit avfallsprodukt som han må betala dyrt for å verta kvitt.

På Rong har utbyggjar klart å finansiera tomtekjøpet ved å selja sprengsteinen.

Les: Stein, stein, stein…

Les: Nydyrkaren

Små forventningar
I Skogsskiftet har ein annan eigedomsspekulant fått kjøpa eit tomteområde regulert til 400 bustadar for 10 millionar kroner, ifølgje BT.

10 millionar kan høyrast mykje, men prisen tilsvarar beskjedne 25.000 kroner per bustad. Ein pris som avslører dei profesjonelle seljarane sine forventningar til bustadmarknaden framover.

Folkeveksten i nye Øygarden har skrumpa inn etter at oljeprisfallet fekk arbeidsinnvandrarane til å senda flyttelassa tilbake til heimlanda.

Sentralisering på Straume
Men sviktande folkevekst er ikkje einaste forklaringa. Tomteseljarane i Skogsskiftet har truleg også lese skrifta på veggen:  Med dagens politiske regime i fylke og Regjering vil kravet til fortetting i regionsenteret Straume leggja ei klam hand på bustadbygginga alle andre stadar i den nye kommunen.

Intensjonsavtalen si vakre formulering om å ta heile den nye kommunen i bruk, vil ikkje vera nok til å kunna styra nokon høg andel av den framtidige flyttestraumen til kommunedelsentrene Rong og Skogsskiftet.

Les: -Ein byvekstavtale vil påverka arealpolitikken

Interessekonflikt
Auka merksemd om verdien av det unike kystlandskapet, naturmangfaldet og folkehelsetilhengjarane sin krav til mogelegheit til utandørs fritidsaktivitetar skapar interessekonflikter som underbyggjer utviklinga i retning av aukande sentralisering.

Innføringa av FN sine bærekraftmål i den offentlege planlegginga vil føra til aukande press frå regjering og fylke om sentralisering i framtidige kommuneplanar.

Les: Brukar FN sine bærekraftmål som argument for å planleggja ekstrem folkevekst i Ågotnes-området

Vinnaren tek alt, vert det gjerne hevda. I staden for å sitja roleg og risikera ein framtidig byggjestopp, vel tomteseljarane i Skogsskiftet heller å selja seg ut no. Slik sikrar dei seg å koma ut av prosjektet med ein liten gevinst.

Dei mange private planleggingsverksemdene er snart dei einaste som tenar på utviklinga.

Tomteland som har lege brakk, har til no ikkje hatt nokon verdi. Norge betalar årleg 300 millionar kroner til å bevara regnskog i den tredje verda. Kanhende på tida å vurdera å investera nokre av millionane på å ta vare på nokre metanhaldige myrar her heime i nye Øygarden?

Les: Opplev Foldnesmarka

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.