Held framdrifta gjennom Klokkarvik

Smalt og kronglete. Fv. 198 gjennom Klokkarvik treng utbetrast.

Arbeidet med utbetringa av smale, kronglete Fv. 198 gjennom Klokkarvik er i rute.

Det kunne driftssjef Knut Eivind Nygård i Sund kommune fortelja medlemmane i planutvalet under dagens møte.

Vegstrekkja frå avkøyrsla mot ferjeleiet og til avkøyrsla mot kyrkja er i dag ein av dei få stadane i Sund der to bilar har problem med å passera kvarandre. Det skal det snart verta slutt på. I tillegg er det planlagt fortau slik at gåande og syklande kan ta seg trygt fram, seier leiar Svein Otto Jacobsen i planutvalet.

Jacobsen får stadig henvendingar frå sambygdingane sine med spørsmål om framdrifta på den etterlengta vegutbetringa. Mange er urolege for at det lenge etterlengta tiltaket er lagt på is, men det er det altså ingen grunn til, i føljge Nygård.

Arbeidet vert lyst ut som totalentreprise. Slik håpar Sund kommune å kunna koma i mål med det lenge etterlengta tiltaket i løpet av neste år.

På budsjettet for 2019 er det sett av 700.000 kroner til prosjektering. Vidare vert det lagt opp til å bruka 7,5 millionar kroner i 2020 til anleggsarbeidet.

– Dette er pengar som vil verta vidareført på budsjettet i den nye kommunen, seier Jacobsen.

Dei kommunale midlane aleine strekk ikkje. Finansieringa vert planlagt som eit trepartsamarbeid mellom Sund kommune, Sund VA og Hordaland fylkeskommune, ifølgje Jacobsen.

Sund VA ønskjer mellom anna å grava ned breiband på strekninga, ifølgje Nygård.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.