Minnemarkering for Turøy-ulukka

Mange møtte fram for overværa avdukinga av minnesteinen over dei omkomne på tre-årsdagen for helikotperulukka utanfor Turøy.

Mange deltok i minnemarkeringa. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

13 personar omkom då heilkopteret som var på veg frå Gullfaks B til Flesland styrta utanfor Turøy 29. april 2016. Ulukka er ei av dei verste helikopterulukkene i norsk luftfartshistorie.

Den offisielle minnemarkeringa i dag vart ei høgtidsstund for pårørande og innbyggjarar på Sotra og i Øygarden. Avdukinga av minnesteinen med namna til dei 13 omkomne stod sentralt under markeringa.

Namna til Lyder Martin Telle frå Sund og Odd Geir Turøy frå Øygarden er mellom dei 13 namna på minnesteinen. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

To av dei omkomne var heimehøyrande i nærområdet vårt.

-Ord kan ikkje beskriva tapet og sorgkjensla for dei etterlatne, sa ordførar Børge Haugetun i Øygarden mellom anna i minnetalen sin.

Saman med sine kolleger Kari-Anne Landro i Sund og Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell og sokneprestane Kjell Asle Børnes og Espen Tvedten las han opp namna på dei omkomne og la ned roser ved minnesteinen.

-Ulukka er skriven inn i historia og medviten til landet, minna sokneprest Espen Tvedten om då han avslutta minnesamværet.

Minnesteinen er laga av bilethoggaren Arne Mæland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.