Brei samling på venstresida 1. mai

Streiken for tariffavtalen ved fiskeindustriverksemda Sekkingstad på Skaganeset har foreina venstresida, hevda hovudtalar Jarle Wilhelmsen frå NNN under 1. mai-samlinga på Fjell Rådhus.

Det er i år 100 år sidan fagrøyrsla tok opp kampen for 8-timars arbeidsdag. Ein kamp som arbeidstakarane stadig vert utfordra på, hevda hovudtalar Jarle Wilhelmsen i NNN i hovudinnlegget sitt under årets 1. mai-samling på Straume.

Fjell faglige forum, den formelle arrangøren av 1. mai-samlinga på Fjell rådhus, hadde samla dei fleste lokale aktørane på den politiske venstresida til markeringa dette året.

For første gong deltok også Raudt på arrangementet.

– Raudt er spesielt invitert, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.

«Slaget» på Sekkingstad
Hovudtalar Jarle Wilhelmsen, 1. nestleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), tok utgangspunkt i lokale tilhøve.

Det han karakteriserte som «slaget på Sekkingstad», var dei fagorganiserte sin kamp for ein tariffavtale med lik løn, lik arbeidstid, rett til fagorganisering og like vilkår elles for norske og polske arbeidarar ved fiskeindustriverksemda på Skaganeset.

– Bård Sekkingstad er eit døme på slike gründarar vi må verna oss mot, hevda Wilhelmsen. Fiskeindustri og havbruk framheva han derimot som høgteknologiske næringar med framtidige arbeidsplassar.

– Streiken for tariffavtalen på Sekkingstad var ein streik arbeidarrøyrsla trengte. Den samla den politiske venstresida. Då eg såg medieoppslaga i Polen, skjøna eg at det var ein streik også polske arbeidarar trengte, la Vilhelmsen til.

Les: Fryktar statsstøtta slaktefartøy vil flagga ut arbeidsplassar

Les: Norse Production på Skaganeset melder oppbud

Norge treng eit regjeringsskifte. Med den politiske retorikken som gjeld under dagens regjering, er det blitt umogleg å gå til angrep på sosial dumping som er det verkelege problemet i norsk arbeidsliv. I staden er det berre tillate å ta opp problem relatert til arbeidslivskriminalitet, beklaga NNN-nestleiaren.

Kampen mot sosial dumping er døme på ei sak som kan foreina partane på venstresida, slik at dei kan kjempa saman for eit sterkare fellesskap.

-La høgresida kjempa internt, oppfordra Wilhelmsen.

Trekkjer mot venstre
Sjølv om Raudt var invitert inn i varmen, unnlot ikkje lokallagsleiar Nils Bjarte Sæle i appellen sin å minna om dei mange viktige forskjellane som framleis finst på venstresida i norsk politikk.

– Rødt får vera eit fyrtårn som viser retninga tilbake til arbeidarrøyrsla sine opphavelege verdiar, når «de ansvarlege styringspartia» lar seg styra ut av kurs, avslutta Sæle eit innlegg prega av ikkje så reint lite ironisk retorikk.

Heile appellen til Rødt-leiar Nils Bjarte Sæle kan du lesa som ein gjestekommentar på nettavisa Tunnelsyn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.