Kjempar mot «Øygarden» på mange frontar

Stein Lund vert nekta innsyn i prosessen om korleis det lokalmedisinske senteret på Straume fekk namnet «Øygarden lokalmedisinske senter».

Stein Lund har lata seg engasjera av borna sitt spørsmål: Kvifor nyttar vi namnet «Øygarden» når alle er mot det?

 

 

Frå utkikksposten i bustanden på Litle Sotra har Stein Lund valt å ta opp kampen mot prosessane knytt til Øygarden-namnet. Etter 17 år som skattebetalar i Fjell har han sett seg grundig lei på at Øygarden-namnet plutseleg snik seg inn i stadig fleire samanhengar, utan nokon open og inkluderande demokratisk prosess i forkant.

Eitt syn han meiner han deler med mange meiningsfeller rundt om på Sotra, men der dei fleste let til å ha resignert i kampen mot overmakta.

Augeopnar
Lund sitt engasjementet vert drive av ein samtale han hadde med ei gruppe born ei tid tilbake. Barna sine spørsmål om kvifor vi vel namnet «Øygarden» når alle er mot det, vart ein augeopnar, grunngjev den engasjerte tilflyttaren.

– Eg skulle ønskja eg kunne ta ei tilbaketrekt rolle og ta det roleg, men det klarar eg berre ikkje når prosessane har vore så uryddige, tilstår Lund.

Det er dei manglande demokratiske prosessane kring namnevalet, meir enn sjølve «Øygarden»-namnet som opptek Lund.

Først var det prosessen kring val av namn på den nye kommunen. Så var det fylkestingrepresentant Aud Karin Oen (SV) sitt forsøk på å skifta namn på Sotra vidaregåande skule. Eit forsøk som heldigvis vart stoppa i Fylkestinget, i det minste inntil vidare.

No sist er det «Øygarden Lokalmedisinske Senter» Lund reagerer på. Så lenge han har følgt med, har senteret alltid vore kalla «Lokalmedisinsk senter på Straume», også på Fjell kommune sine eigne heimesider.

Ba om innsyn
Lund har bede om innsyn i dokumenta i saka om valet av namn på det lokalmedisinske senteret på Straume, men utan å ha fått medhald på rådhuset.

-Korleis vart forslaget til namneendring vedteken, og var det ope for publikum å gje innspel? Kven gav innspelet, og når vart det gjort? spør han i innsynsbegjæringa til Fjell kommune.

-Har det valte namnet vore ein premiss for økonomiske bidrag frå andre kommunar til helsesenteret, spekulerer Lund.

– Namngjevinga av bygget som av kommunen vert omtala som eitt av «dei mest omfattande og kostbare byggeprosjekta» er av allmenn interesse, hevdar den engasjerte innbyggjaren.

– Det er ei utfordring for innbyggjarane at avgjerdene vert tekne i lukka fora, og at innsyn ikkje vert gjeve i prosessar som gjeld eit av dei mest kostbare offentlege bygga i regionen, nokon sinne, hevdar Lund i klagen på avslaget.

Avslaget er påklaga, med oppfordring om å visa til kva lovheimel som ligg til grunn for avgjerda om hemmeleghald.

-I saker som gjeld innsyn i offentlege prosessar bør administrasjonen praktisera meirinnsyn, hevdar Lund.

-Kven kom innspelet om Øygarden-namnet frå? vil Stein Lund gjerne ha svar på.

-Ingen formelle reglar
-Det har aldri tidlegare vore eit konkret namn, men på folkemunne har det vore kalla LMS – det lokalmedisinske senter, svarar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i ein epost til Lund.

– Styringsgruppa for LMS har med bakgrunn i eit innsendt forslag, avgjort at senteret skulle heita Øygarden Lokalmedisinske senter, utdjupar ordføraren i Fjell, men utan å svara på kven som sende inn forslaget.

– Det er ingen formelle reglar når det gjeld å gje namn til kommunale bygg. Dette er opp til kommunen sjølv å handtera. I dette tilfellet vart avgjerda lagt til styringsgruppa for Lokalmedisinsk senter. Vegnamn og stadnamn skal derimot behandlast i samsvar med Lov om stadnamn. I desse sakene er det komitè for drift og forvaltning som tek avgjerd, supplerer konstituert servicetorgsjef Grethe Bergsvik avslaget frå ordføraren.

Etterlyser meir lokaldemokrati
Valet av namn på den nye kommunen hadde Lund aller helst sett vart avgjort gjennom ei folkerøysting. Først ei opa oppfordring om å få inn forslag på namn, inkludert namnet Øygarden. Deretter burde innbyggjarane fått høve til å stemma fram sitt forslag.

– Sjå berre på engasjementet rundt valet av fylkesvåpen til nye Vestland fylke. Fjell og Sund hadde rett nok folkemøter om kommunesamanslåinga, men opna aldri for nokon diskusjon om namnet. Her har politikarane verkeleg gått glipp av eit godt høve til å byggja ein felles identitet.

-Berre to av ti fjellsokningar og sundsokningar oppgjev at dei har tillit til politikarane, ifølgje innbyggjarundersøkinga. Namnet er den viktigaste identitetsbæraren på ein kommune. Ni av ti er usamde i valet av kommunenamn, argumenterer Lund.

Påstandane om at prosessen rundt kommunesamanslåinga har kome for langt til at det er mogeleg å skifta namn, avfeiar han.

-Det er enkelt å skifta namn på ein kommune. Stortinget bankar det gjennom, om vi verkeleg vil, hevdar folkerøystingstilhengjaren.

Brød og sirkus
Forventningane til Fellesnemnda sitt «utval for lokaldemokrati og identitet» var store, men så langt er Lund skuffa.

– Utvalet har så langt berre laga brød og sirkus. Vi har fått «Øygarden»-genser, «Øygarden»-konferanse, MOT-festival og Kystpass, men utvalet har unngått alt som har med praktisk lokaldemokrati å gjera, hevdar han.

Etter å ha orientert seg om haldningane til namnesaka i fleire politiske parti på høgresida, har Lund valt å innta eit upolitisk standpunkt for meiningsytringane sine.

I håp om å etablera forståing for synspunkta sine har Lund likevel oppretta Facebookgruppa «Folkeaksjonen for demokrati, identitet og politisk åpenhet på Sotra & Omegn». Etter eitt års drift har gruppa meir enn 1.000 medlemmar.

– Vi kjem til å ta opp namneval og praktiseringa av lokaldemokratiet i samband med kommunevalet, lovar Lund.

3 Comments

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn
  2. Dette er eit av mange døme på korleis dei ulike folkevalgte organa, både i Fjell kommune og i Fellesnemda, vert dreven. Dei seier sjølv at dei er opne, praktiserar «meiroffentleg» og følgjer både Kommunelova, Forvalningslova og Offentleglova. I røynda kan ein tru at situasjonen er noko heilt anna. Dersom nokon søkjer etter spesifikke dokument, og om dokumentet ikkje er unnateke offentleg innsyn, er desse dokumenta (opne) offentlege. Men likevel ligg dokumentet godt skjult i nettsidene til dei ulike organa. Dei nettbaserte søkjeområda er for dårleg og til dels «fordekt»..
    Fellesnemda inviterte folket til innspel, men praktiserte sjølv UTAN postjournal i heile si virketid fram til august 2018. Argumentet for IKKJE å ha postjournal var at det var for få dokument. Ordføraren i Fjell har uttala offentleg at politikarane må bli MEIR opne i måten å praktisera si politiske verksemd på, men dette er berre «skodespel» og ho held såleis folk for narr. Dette er noko som speglar den politiske samtida, ved at lokale sentrale politikar fritar seg sjølv for grunnleggjande haldningar til å ha eit ope utgangspunkt for sitt politiske arbeid. Dette set lokaldemokratiet i fare. Leiarskap i folkevalgte organ er mellom anna å ivareta korleis ein praktiserer på vegne av innbyggjarane sine, dei er trass alt valgt av folket. Eg vil tru at folk som følgjer litt med, ser kven dei vil ha inn i det NYE kommunestyret til hausten.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.