Mot nytt millionunderskot i Fjell

I fleire år har Fjell hatt som sparetiltak å unnlata å tilsetja i ledige stillingar. No går vikarkostnadane til himmels.

Utgiftene til vikarløner trugar med å velta budsjettbalansen i Fjell.

Det er grenser for kor lenge ei offentleg tenesteprodusent kan oppretthalda ei høgt servicenivå når ledige stillingar ikkje vert utlyste.

Høge kostnadar til vikarar er hovudårsaka til at Fjell fekk eit driftsunderskot på 20 millionar kroner etter dei tre første månadane i år. Uventa høge straumrekningar bidrog og til å trekkja budsjettet i negativ retning, skriv rådmann Steinar Nesse i ei sak til formannskapet denne veka.

No oppfordrar rådmannen alle einingsleiarane om å stramma enno meir inn på kostnadane, skal Fjell klara å koma i havn med balanse i budsjettet på oppunder 1,8 milliardar kroner.

Etter første kvartal ser det ut til at den offentlege tenesteprodusenten går mot sitt tredje år på rad med underskot. Bruk av fondsmidlar dei føregåande åra bidreg til å gjera situasjonen ekstra vanskeleg dette året. Ved komande årskifte, når Fjell går inn i nye Øygarden, ser det ut til at fonda våre vil vera reduserte til 162 millionar kroner.

Gjelda har og auka vesentleg siste åra. Så langt ser det ut til at Fjell vil seia takk for seg som eigen kommune med ei gjeld på 2,256 milliardar kroner.

Du kan lesa rådmannen si oppsummering av den økonomiske situasjonen i Fjell i sakspapira på kommunen sine heimesider.

 

Advertisements

2 Comments

  1. Denne utviklinga har sitt opphav i fleire ulike tilhøve. Budsjettet er vedteke, og administrasjonen må halda seg til det. Å finne ulik inndekning på meirforbruk i driftsbudsjettet er som å «trylla» med lite handlingsrom. Det er ikkje enkelt når endringane på utgiftssida i budsjettet skjer raskt og til dels uventa.

    Denne utviklinga er sjølvforsterkande, og politikarane både i formannskapet og kommunestyret bør ha kunnskap om dette, men. Spørsmålet har vøre, og som framleis vil bli, er om politikarane tek ansvar for å balansera budsjettprosessen slik at desse verknadane ikkje blir altfor store og inngripande. Ved revidert budsjett i juni må politikarane ha evnen til » å sjå inni glaskulo» – eller å gje opp heile budsjettbalansen. Å oppta lån for å ha inndekking for meirforbruket, er uaktuelt. Pengane renner ut, inntektsgrunnlaget er flatt, driftsutgiftene aukar. Netto driftsresultat er negativt som følgje av manglande politisk styring. Fondsdekninga varer ikkje evig, og politikarane må ta utgangspunkt i at dei største driftsutgiftene er løn.(ca. 80 %), samstundes som det er krav som skal ivaretakast.

    Når stoda er blitt slik, er det lett å ropa på styrkja inntektssida i form av eigedomsskatt, auka egenbetaling, auka gebyr osv. Politikarane MÅ ha vesentleg fokus på effektiv drift, kutta i utgiftene der det monnar, fasa ut ikkje lovpålagte oppgåver m.v. Å påføra innbyggjarane ytterlegare utgifter vert ikkje akseptert.

    Den nye kommunen vil ha ein uhandterleg situasjon. Dei 3 kommunene har brukt pengar «som 3 fulle sjømenn» i dei siste åra for å sikre seg sjølv for framtida. Det er å lura seg sjølv, og ikkje minst innbyggjarane, i eit kollektivt gjeldsluk. Politikarane styrer mot ein Robek-styrt Øygarden kommune. Skal ein utan vidare akseptera dette?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.