Ikkje restaurering, berre diesel

Fylkeskommunen fann ikkje pengar til restaureringsarbeidet på det freda veteranfartøyet «MS Vestgar» 40 år etter siste ferd som rutebåt.

Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordland har fordelt årets midlar til verna fartøy. 21 fartøy delar på 1,7 millionar kroner øyremerka til restaurering, fordelt etter søknad, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Vinnar denne søknadsrunden er «DS Stord», som får totalt 465.000 kroner, korav 290.000 skal gå til restaurering. «DS Oster» kjem og bra ut, med 175.000 kroner, der 125.000 er øyremerka til drift.

Plaster på såret
«MS Vestgar» vart bygd i 1957 og gjekk i rutefart mellom Bergen og Øygarden heilt til 1979. 30. mai er det 40 år sidan fartøyet sigla sin siste tur som rutebåt. Båten er sertifisert for 252 passasjerar.

Øygardsbåtane AS var eitt av dei fire fartøyaeigarlaga som fekk avslag på søknaden sin om støtte til restaurering. Ei mager trøyst då at veteranskipsentusiastane i på Sotra fekk 45.000 i støtte til diesel dette året.

Totalt kom det inn 25 søknadar om midlar til restaurering. Samla søknadssum var 8,5 millionar kroner.

Elleve fartøy søkte om tilskot til drift. Ti av dei fekk støtte.

 

Samla søknadssum her var 1,9 millionar kroner.

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.