Desse skal halda styr på nye Øygarden

Det er avgjort kven som vert tilsett i 29 mellomleiarstillingar i nye Øygarden.

Lennart Fjell skal utvikla nye Øygarden.

Etter ei intern utlysing av 25 mellomleiarstillingar i nye Øygarden, er det no gjort 29 tilsetjingar, ifølgje heimesida til Fjell kommune.

Les: Stolleik på rådhuset

Noverande kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, vert leiar for stabsavdeling utvikling innan organisasjon og digitalisering. June Johannessen skal leia stabsavdeling for tryggleik.

Økonomisjef Svend Fredrik Untiedt i Fjell får ansvaret for stabsavdelinga for økonomistyring i den nye kommunen.

Marius Flesland Sylta vert leiar stabsavdeling innkjøp og investering.

Svend-Fredrik Untiet held stram kontroll over økonomien.

 

 

Rune Landro, kommunalsjef for oppvekst i Øygarden, vert assisterande kommunalsjef for kultur og samfunn.

Samfunnsplanleggjar i Fjell,  Hanna Gjesdal, får ansvar for plan og folkehelse.

Noverande kultursjef i Øygarden, Christel Møvik Olsen, vert einingsleiar for kultur, medan Hanna Gjesdal vert einingsleiar for plan og folkehelse.

På kvart av tenesteområda helse og velferd og oppvekst er det tilsett to assisterande kommunalsjefar:

Tove Helleland og Marita Hilleren deler ansvaret for helse og velferd.

 

Jon Erik Egeland vert assisterande kommunalsjef for oppvekst saman med Anna Nesje Nes.

Jostein Sognnæs vert einingsleiar for PPT-tenesta.

Fire stillingar er framleis ubesette. Det gjeld stillingane som einingsleiar byggesak, einingsleiar heimetenesta, einingsleiar flyktningtenesta og leiar for stabsavdeling service.

Du kan lesa alle tilsetjingane på heimesida til nye Øygarden.

 

 

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.