To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket

Av dei seks alternative stadane AsplanViak har vurdert for ei flytting av asfaltverket i Knarrevik, vert næringsparken på Søre Straume og Mustadvatnet vurdert som dei mest aktuelle.

Den aktuelle tomten i næringsparken på Søre Straume vert i dag nytta som lager for grus og sand. Korleis vil lukta frå eit asfaltverk spreia seg til Straume sentrum?

Det har i fleire år vore kjent at asfaltverket i Knarrevik kjem i vegen for anleggsarbeidet med det nye Sotrasambandet. Omsynet til dei 100 arbeidsplassane vog tungt då eit knapt fleirtal i formannskapet i Fjell for to år sidan gav dei dåverande eigarane Lemminkäiinen lovtil å konsekvensutgreia ei eventuell flytting til næringsparken på Søre Straume.

Flyttinga er tenkt å vera midlertidig, begrensa til dei fire åra medan anleggsarbeidet pågår. Så skal dei tilbake til dagens tomt i Knarrevik.

Les: Lemminkäiinen får konsekvensutgreia flytting til Søre Straume

AsplanViak og Marianne Lindau Langhelle har vurdert seks ulike lokaliseringar for ei mellombels flytting av asfaltverket i Knarrevik.

Forureiningsføresegna
YIT, som i mellomtida har overteke asfaltverket, har like godt fått utgreidd heile seks ulike alternativ for ei midlertidig flytting, kunne konsulent Marianne Lindau Langhelle i AsplanViak fortelja formannskapet i Fjell i ei orientering i dag.

Krava i Forureiningsføresegna ligg til grunn for vurderinga. I følgje retningslinene må ei flytting som skal vara i meir enn to år vurderast som permanent, med dei krava det vil medføra.

Tilgang til kai, planstatus, tidspunkt for når tomten kan vera klar til bygging, talet på bustadar innanfor ein radius på 350 meter og reistid til marknaden er andre kriterier som er tekne med i vurderinga.

Fem stadar i Fjell
Fem av stadane som er vurdert ligg i Fjell, det sjette alternativet ligg i Meland kommune.

Arealet heilt sør i næringsparken på Søre Straume vert vurdert som den mest aktuelle staden for ei midlertidig flytting. Mustadvatnet i Knarrevik kan vera eit godt alternativ, i følgje Lindau Langhelle.

Mindre aktuelle er Arefjord, nord for trafostasjonen, Døsjo, Eide og Hjertås i Meland.

Ingen vedtak
Då dette var ei førebels orientering, skulle politikarane i formannskapet ikkje treffa noko vedtak om framtidig lokalisering i dag.

Styringssignala frå politikarane var likevel tydelege: På Søre Straume har ein i dag eit av dei største idrettsanlegga i Bergensområdet, her er skule og barnehage. Tryggleiken til dei mange som ferdast til fots og på sykkel i Idrettsvegen og Smålonane er alt i dag ei kjelde til uro på rådhuset i Fjell.

Eit asfaltverk i sørenden av området vil føra til 45 tunge lastebilar dagleg gjennom dei alt belasta vegane.

Innbyggjarane i Knarrevik har i lang tid klaga over støy og lukt frå asfaltverket. Fleirtalet av politikarane verka likevel tenkja at det føreståande anleggsarbeidet med Sotrasambandet vil skapa så mykje uro i den tidlegare industritettstaden at det berre vil skapa mindre tilleggsproblem om asfaltverket flyttar dei 500 metrane til Mustadvatnet.

-Asfalt må vi ha. Når vi ser på kvar dei store veganlegga er, vert det naturleg å spørja kvifor ingen stadar i Bergen er vurdert, spurte varaordførar Tom Georg Indrevik.

Nye utgreingar
Konsulentselskapet fekk i oppdrag å arbeida vidare med analysene over korleis lukt vil spreia seg i lokalmiljøa under ulike vindtilhøve, både på Søre Straume og kring Mustadvatnet.

-Kva kostar det å byggja eit nytt asfaltverk? Kanhende vert det meir lønsamt å leggja ned drifta i desse fire åra, spurte rådmann Steinar Nesse.

-Utgiftene skal dekkast av bilistane gjennom bompengar. Kostnadsspørsmålet er veldig relevant, argumenterte rådmannen.

Å leggja ned vil vera uaktuelt, innvende ein av talspersonane frå YIT som var tilstade. Eit slikt reknestykke vil vera ekstremt komplisert. Ei nedlegging vil endra konkuransesituasjonen i marknaden, slik at dei langsiktige økonomiske konsekvensane også må takast høgde for.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.