Kjempar om byvekstavtalen

Å verta invitert inn i ein eksisterande avtale er ikkje einkelt, har ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) fått erfara i forhandlingane om korvidt Fjell skal vera med i ein byvekstavtale for Bergens-området. No dukkar nye innvendingar opp her heime.

Nye Øygarden vil truleg få 40 millionar kroner til avlastande trafikktiltak om vil vel å gå inn i ein byvekstavtale no. Men vil vi kunna avgjera kva tiltak pengane kan brukast på lokalt, eller vil staten avgjera, spør ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell har sidan starten vore skeptisk til den statlege avtalen som skal binda kommunane til å planleggja for nullvekst i privatbilbruken og i staden få fleire til å ta bussen, sykla eller ta beina fatt i kommunane kring Bergen.

Les: Sandahl Bjorøy skeptisk til byvekstavtale

I formannskapet denne veka orienterte ho om status i forhandlingane med regjeringa.

Forhandlingane med Fjell, Askøy, Os og Lindås skjer no på overtid, etter at vegdirektør Terje Moe Gustavsen nyleg døydde. Regjeringa held likevel fast på intensjonen om å ha ei underskriven avtale før sommaren. Statssekretær Anders Werp (H) frontar Samferdsledepartementet og regjeringa sin politikk.

40 millionar

Statssekretær Anders Werp (H) ønskjer å forhandla ferdig før sommaren.

-Omeignkommunane er invitert inn i Bergen sin avtale. Det har vore vanskeleg å finna vår plass i forhandlingane og finna ut kva Fjell vil få att om vi går med, medgjekk Sandahl Bjorøy.

Om Fjell vel å vera med, kan vi rekna med å få 40 millionar kroner årleg til tiltak som kan bidra til å redusera biltrafikken. Pengane kan nyttast til gang- og sykkelvegar, kollektivtiltak og innfartsparkering, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Nye terminalar på Straume og Ågotnes er tiltak vi kan rekna med å kunna bruka pengane på. Opprustinga av gamlevegen over Bildøy er om lag ferdig regulert og ventar berre på midlar.

Brot med intensjonsavtalen
Ein «blå bybane», i form av ei snøggbåtrute, vil utan tvil innebera ei stor avlasting på personbiltrafikken. Ei slik smart transportløysing til Sotra har politikarane i vest likevel ikkje klart å få gjennomslag for, sjølv om det fungerer for både Askøy og Lindås.

Å gå med i avtalen vil kunna innebera eit brot på intensjonsavtalen sin føresetnad om å ta heile kommunen i bruk. Truleg vil vi måtta vurdera å ta store bustadområde ut av kommuneplanen, slik dei nyleg gjorde i Bergen, åtvara Sandahl Bjorøy.

Les: Ein byvekstavtale vil påverka arealpolitikken

Binda den nye kommunen
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) har delteke i forhandlingane med Regjeringa. At forhandlingane har vore kjempevanskelege, har han ingen problem med å vera samd i.  Han er likevel meir oppteken av å ivareta lokaldemokratiet i denne samhangen. Fjell kan ikkje ta stilling til ein slik avtale no, få månadar før kommunesamanslåinga. Å ta stilling til denne avtalen må vi utsetja til etter valet, til november, er han tydeleg på.

-Det er ei demokratisk utfordring om vi vedtek avtalen no. Fjell vil ikkje lenger eksistera når avtalen vert sett i verk. Avtalen vil gjelda for den nye kommunen, innvende Indrevik.

-Kommunestyra i Sund og Øygarden vil få utkastet til uttale. Det har vi utfordra statssekretæren på, sa Sandahl Bjorøy. Dei to nabokommunane som snart slår seg saman med Fjell har vore haldne orienterte om forhandlingane og har fått høve til å koma med innspel i prosessen.

Hoppa av?
Statssekretær Werp ønskjer å avslutta no. Askøy, Os og Lindås verkar og vera mest innstilte på å fullføra før sommaren. Ei utsetjing betyr at vi hoppar av, argumenterte Sandahl Bjorøy.

Odd Bjarne Skogestad (KrF) ser innvendingane til Indrevik om at eit kommunestyrevedtak i Fjell vil leggja føringar for den nye kommunen. På den andre sida kjenner vi ikkje konsekvensane av å hoppa av forhandlingane no.

Neste forhandlingsmøte er utsett til 24. mai. Sandahl Bjorøy og Indrevik har då fått i oppdrag frå formannskapet å finna ut kva som skjer dersom vi utset å behandla ein avtale til etter valet på folkevalde til den nye kommunen. Forhandlarane må og få avklart korvidt bruken av dei 40 millionane kan avgjerast lokalt, eller om dette er ei avgjerd som må treffast sentralt.

-Legg avtalen fram for kommunestyret i juni, så får kommunestyret avgjera korvidt vi skal slutta oss til no eller ikkje, oppfordra Skogestad avslutningsvis.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.