…og nokon seier takk for seg

Samstundes som nye leiarar gjer seg klare til å innta rådhuset på Straume, er det andre som førebur seg på å ta farvel.

Rådmann Steinar Nesse seier takk for seg etter 15 år som rådmann i Fjell. Han byrja i kommunen heilt tilbake i 1994, då som plan- og økonomisjef.

Les: Desse skal halda styr på nye Øygarden

Ei rekkje velkjende ansikt vil ha sin siste arbeidsdag på rådhuset neste halve året.

Assisterande rådmann Lillian Torsvik, skulesjef Wilhelm Anglevik, helsesjef Terje Handal, plansjef Bjørn Erik Kristiansen og spesialrådgjevar Einar Lunde på planavdelinga er nokre av dei mest markante personane som som ikkje kjem til å verta med inn i den nye kommunen, kunne Steinar Nesse fortelja politikarane i formannskapet denne veka.

At han sjølv er mellom dei som førebur sin aller siste arbeidsdag i Fjell kommune, gløymte Nesse å nemna.

I rådmannen sitt innsparingsforslag for å få kontroll på kommuneøkonomien låg det inne forslag om å kutta markeringa for jubilantar med lang og tru teneste. Politikarane i formannskapet sikra dei som sluttar ein minneverdig siste arbeidsdag.

Spesialrådgjevar Einar Lunde på planavdelinga er eit omvandrande oppslagsverk om detaljane i dei fleste reguleringsplanane i Fjell. No tenkjer han på å gå av med pensjon.
Helsesjef Terje Handal har vore sentral i planlegginga og etableringa av det lokalmedisinske senteret på Straume.
Etter lang tid som servicetorg-sjefvart  Lillian Torsvik konstituert rådmann under Steinar Nesse sitt sjukefråvær.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.