FrP på kvinnejakt

Kvinner ser ting på andre måtar. Difor bør fleire kvinner engasjera seg politisk.

(Saka er oppdatert.)

Leiar Kristin Børve Jacobsen i Øygarden FrP kan tenkja seg å samla kvinnene i andre politiske parti til erfaringsutveksling og debatt før valet.

Med to slike sterke, tydelege og dominerande kvinner som Siv Jensen og Sylvi Listhaug i front, vert det freistande å spørja: Er plass til fleire kvinne i FrP? Vil ikkje andre kvinner koma litt i skuggen?

Faktum er at den låge kvinnandelen i FrP lenge har uroa partileiinga. No tek partiet sitt kvinnenettverk i Hordaland grep for å auka det politiske medvitet hos sine medsøstre.

Les: Roar gemytta i Øygarden FrP

Bompengar og asfalt
Det vart mykje snakk om helse, omsorg, skule og kor viktig det er med frie val i eldreomsorg og i utdanning då eit 15-tals av partiet sine kvinnelege medlemmar i Hordaland samlast til inspirasjonskveld tidlegare denne veka.

-Berre tilfeldig. Vi er opptekne av bompengar og asfalt, også, forsikra dei nettavisa Tunnelsyn.

-Kvinner ser ting på andre måtar enn menn, seier leiar Kristin Børve Jacobsen i Øygarden FrP. Saman med May Elin Limevåg representerte ho kommunane i vest på nettverkssamlinga.

Les: Sommarpraten: Sjef i eige liv

Sentralstyret i FrP sin kamp for å få kjøkkenet tilbake på sjukeheimane vil imidlertid ikkje verta noko stor sak for FrP i nye Øygarden. Her har kommunane vest for Bergen vore føregangskommunar, konstaterer Limevåg.

Utveksla erfaringar
Sjølv om kvinnene er i mindretal i FrP, engasjerer partiet kvinner i alle aldrar, om dei frammøtte på nettverkskvelden utgjorde eit representativt utval. Eldste, men sterkt engasjerte deltakaren var 87.

Ei handfull av deltakarane i FrP sitt kvinnenettverk i Hordaland.

Stortingsrepresentant Silje Hjemdal, tidlegare stortingsrepresentant Laila Marie Reinertsen, ordførarkandidat i Bergen Marte Monstad og tidlegare ordførar i Austevoll Renate Møgster Klepsvik var henta inn for å utveksla erfaringar frå politisk arbeid og om sine sigre og tap i politikken.

Mange kampar er vunne, men ikkje all erfaringa er like positiv. Tilbakemeldingane kan til tider vera sårande, særleg dei som kjem via sosiale media, kunne Hjemdal fortelja.

Snakk saman!
Gode løysingar er gjerne eit resultat av at nokon har snakka saman om problema, var panelet samde om.

I nye Øygarden vil Børve Jacobsen ta initiativ til eit eige møte for kvinnelege medlemmar. Ho kan og tenkja seg å freista å samla kvinner frå andre politiske parti til debatt, slik dei har hatt gode erfaringar med i Os, ifølgje Reinertsen.

Ved siste val var det 80.000 fleire kvinner som stemte, ifølgje Reinertsen. I FrP kan dei godt tenkja seg å få nokre av dei med i partiet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.