– Ein ikkje bærekraftig økonomi

Den økonomiske situasjonen for nye Øygarden er ikkje bærekraftig, åtvarar prosjektrådmann Rune Lid.

Nye Øygarden, prognosar for økonomisk status 31.12.2019, fordelt på driftsinntekt, langsiktig lånegjeld og fond. Alle tal i millionar.

I ei sak til Fellesnemnda 13. mai oppsummerer prosjektrådmann Rune Lid den samla økonomiske situasjonen for Fjell, Sund og Øygarden åtte månadar før kommunesamanslåinga.

I Fjell eksploderte vikarutgiftene i første kvartal, slik at kommunen enda med eit driftsunderskot på 20,1 millionar. Øygarden hadde eit driftsoverskot på 4,2 millionar samanlikna med budsjett. I Sund gjekk drifta omlag i balanse. For alle dei tre kommunane sett under eitt gjev det eit samla driftsunderskot på 15,9 millionar kroner.

Les: Mot nytt millionunderskot i Fjell

Samla drifstbudsjett for den nye kommunen utgjer kring 2,9 milliardar kroner.

Samla sett
Når prosjektrådmannen krev merksemd om det han karakteriserer som ein ikkje bærekraftig økonomi, skuldast det ein samanstilling av fleire faktorar. Den langsiktige lånegjelda vil liggja godt over snittet for norske kommunar. Prognosene Lid opererer med tilseier at den langsiktige lånegjelda ved kommunesamanslåinga vert venta å utgjera 3,5 milliardar, eller 109,6 prosent av driftsinntekta ved komande årsskifte.

Din andel – oversikt over fond og lånegjeld per innbyggjar, i Nye Øygarden og fordelt på kvar av kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Storkommunen Fjell har vore drivaren i ei veldig gjeldsoppbygging siste fem åra. Sidan 2014 har den samla gjelda til kommunen auka med meir enn 60 prosent, frå 1,4 milliardar kroner til 2,3 milliardar kroner ved utgangen av 2019.

Les: Tredobla lånegjeld

På grunn av folkeveksten inneber det at gjelda per innbyggjar ikkje har auka meir enn frå vel 60.000 kroner  til 80.600 kroner per hovud.

Les: På Riksrevisjonen sin OPS-liste

Rekordlåge reservar i form av fondsmidlar underbyggjer alvoret i situasjonen. Her ligg kommunane vest for Bergen langt under den nasjonale normen. Etter fleire år på rad med bruk av fond vert det venta at dei samla fondsmidlane ved utgangen av året vil utgjera 338 millionar kroner. Berre dette året vert det i dei tre kommunane budsjettert med å tappa disposisjonsfond og investeringsfond med 114 millionar kroner.

 

Advertisements

1 Comment

  1. Tidlegare har eg argumentert i TUNNELSYN at dei 3 kommunane, spesielt Øygarden kommune, har oppført seg som fulle sjømenn økonimisk sett. I gode tider er som regel inntektene gode, og det er økonimisk handlingsrom. I mindre gode tider hastar det med å finne dei rette disponeringane FØR utfordringane vert alt for store, og nærast sjølvforsterkande. Kva konkrete tiltak har prosjektrådmannen faktisk gjort framlegg om ? Kva vurderingar vert i so tilfelle lagt til grunn?
    So langt har han ikkje administrativ gjort noko som helst, bortsett frå at kommunane skal rapportere kvar månad.
    Dei 3 kommunane må snarast samordna seg på tvers av kommunegrensene og snarst samhandla mellom dei ulike tenesteområda. Slik stoda no er, kan ein få inntrykk av at det ligg føre ein slags uvilje til kommunesamanslåinga i dei 3 kommunane.
    Dersom ikkje ein får kontroll med utgiftssida i budsjettet, styrer den nye kommunen mot Robek-registeret.. Er det Robek-registeret som er siktemålet ? Lokalpolitikarar er folkevalgte, valgt av folket. Her har dei ein jobb å gjera som dei må finne løysing på, men det blir ikke enkelt. Husk: Det vert som regel innbyggjarane som betalar rekninga til slutt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.