Deler ikkje frykta for sprekk i bompengeinntektene

-Dagens subsidieordningar for elbilar vil ikkje vara til evig tid.

-Det er nødvendig å samordna bompengetrykke i Bergensområdet, skal vi få aksept hos innbyggjarane, hevdar varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.

Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell deler ikkje dagleg leiar Geir Ole Lie i bilforhandlaren Lieco AS sin frykt for sprekk i bompengeinnbetalingane på det nye Sotrasambandet som følgje av eit fleirtal av elbilar over brua.

Les: Spår katastrofe for bompengenebetalinga av Sotrasambandet

Indrevik ønskjer ikkje å gå i diskusjon med Lie sin påstand om at 80 prosent av personbilane over nye Sotrasambandet vil vera elbilar. Det ville vera å spekulera. Han har imidlertid merka seg at halvparten av bilane som no vert seld i Bergensområdet går på elektrisitet.

Subsidieordning under press
-Ordninga med elbilsubsidier er under press. Staten tapar inntekter i storleiken 2 -3 milliardar kroner årleg som følgje av ordninga, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no og viser til dagens kunngjering av Revidert budsjett.

-Eg trur ikkje dagens subsidieordningar vil vara til evig tid, sjølv om elbilane nok vil kunna køyra litt billigare også i framtida, kan hende, argumenterer Indrevik.

Fleire bilar
Men det er fleire grunnar til at Indrevik ikkje lar tanken på sviktande bompengeinntekter uroa nattesøvnen.

Den rådande politikken om nullutsleppsauke frå personbiltrafikken kan ikkje hindra at fleire bilar passerer over Sotrasambandet enn det prognosene for bompengenedbetalinga tilseier.

-Bompengeinntektene på Sotrasambandet er rekna ut frå trafikkmengda i 2013. Den gongen utgjorde årsdøgntrafikken 25.000 personbilar. I dag har talet på bilar over brua i døgnet passert 30.000, argumenterer Indrevik.

Sjølv om andelen elbilar vil overgå prognosene på 10 prosent, vil det altså vera fleire bilar som betalar halv takst, konkluderer varaordføraren i Fjell.

Tunge køyretøy
Vedtaket om å flytta Bergen havn til Ågotnes vil samstundes føra til ein auke i tungtrafikken over den nye brua. Tunge køyretøy har ikkje rabatt for nullutsleppskøyretøy, hevdar Indrevik.

Der tek varaordføraren imidlertid feil. Fylkesutvalet i Hordaland vedtok nyleg å innføra betalingsfritak for el-lastebilar i bomringane i fylket.

Les: Får fritak

Lengre nedbetalingstid?
Sjølv om bompengeinntektene kanhende ikkje kjem heilt i mål i den 20-årsperioden nedbetalinga er sett til å vara, vil det ikkje få nokon konsekvensar for finansieringa av OPS-avtalen, hevdar Indrevik.

Staten betalar utbyggjar i henhald til vilkåra i OPS-kontrakten. Hordland fylkeskommune er garantist for innbetalinga.

-Det verste som kan skje, er at bompengeperioden vert forlenga med eit år eller to, i følgje Indrevik.

Eit problem
-Bompengepolitikken i Bergens-området er eit problem, medgjev Høgrepolitikaren Indrevik som har sjølv tre bilar, korav ein går på elektrisitet.

-Å samordna bompengetrykket i Bergensområdet er nødvendig, skal vi få aksept hos innbyggjarane, hevdar Indrevik.

 

 

 

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.