Føreslår å seinka innslagspunktet for veksttilskot

Nye Øygarden tapar økonomisk på kommunesamanslåinga.

Korleis vil kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland hindra at Fjell, Sund og Øygarden tapar på kommunesamanslåinga, spør stortingsrepresentant Ruth Grung, (A) Foto: Stortinget.

Lågare folkevekst i Sund og Øygarden enn i Fjell siste åra gjer at nye Øygarden mistar tilskotet som vekstkommune når dei tre kommunane slår seg saman frå nyttår, hevdar stortingsrepresentant Ruth Grung (A) i ei henvending til kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland.

Les: Så mange øygardsstrilar er vi no

-Ny Øygarden tapar økonomisk på å slå seg saman, hevdar Grung.

– Er det aktuelt å kompensera tapet ved å seinka innslagspunktet for veksttilskot til ein prosent i ein overgangsperiode, spør stortingsrepresentanten kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland.

Folkevekst kostar i form av høge investeringar i skular, barnehagar, helsevesen og infrastruktur. Kostnadane kjem før skatteinntektene.

Les: Difor er folkevekst så viktig

Vekstkommunen Fjell har i mange år nytt godt av eit statleg veksttilskot til dekning av eindel av dei ekstra kostnadane som folkeveksten fører med seg. I 2019 er tilskotet på 5,2 millionar. På det meste utgjorde det kring 13 millionar kroner, ifølgje Grung.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.