Spår katastrofe for bompengenedbetalinga på Sotrasambandet

-Når Sotrabrua står ferdig, kan 80 prosent av bilane vera nullutsleppsbilar.

Med 67 selde elbilar i månadane januar til april leiar Leco AS og dagleg leiar Geir Ole Lie an i eksplosjonen i elbilsalet i nye Øygarden. Arkivbilete.

Bompengane på Sotrasambandet er rekna ut frå ein elbilandel på 10 prosent, og at dei skal betala halvparten av rabattert takst.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

Reknestykket vert heilt feil ut frå dagens elbilsal i kommunane kring Bergen der innbyggjarane vil vera dei hyppigaste trafikkantane over Sotrasambandet, meiner dagleg leiar Geir Ole Lie hos bilforhandlaren Lieco Auto AS.

-Dei som har sett opp reknestykket over bompengeinnbetalingane har bomma, fryktar Lie.

Sjå på det lokale elbilssalet
Skal ein få eit realistisk bilete av kva Sotrasambandet kan forventa seg av framtidige bompengeinntekter, bør ein ta utgangspunkt i dei kommunevise tala for nysalet av elbilar i kommunane vest for Bergen. Ikkje i dei nasjonale tala for elbilandel som på landsbasis utgjer vel ti prosent av personbilparken, tenkjer bilforhandlaren.

Andelen av elbilar som vert seld i nye Øygarden og Askøy er langt høgare enn i resten av landet. Sjølv i Bergensområdet er det store skilnadar, erfarer bilforhandlaren.

Medan knapt halvparten av alle nyregistrerte bilar i Bergen distrikt dei fire første månadane i år gjekk på elektrisitet, er meir enn kvar sjuande nye bil som vert registrert på Sotra, Øygarden og Askøy er no ein elbil, bekreftar statistikken til Opplysningsrådet for Vegtrafikken.

Nybilsalet januar – april 2019 Totalt Elbilar El%
Askøy 174 123                70,7
Fjell 225 160                71,1
Sund 38 29                76,3
Øygarden 26 21                80,8
463 333                71,9

Utviklinga av bilsalet så langt i år forsterkar berre ein langsiktig trend, ifølgje Lie.

Les: Elbilane vinn kampen om nybilkundane i region Vest

-Utviklinga har skjedd skremmande fort, legg Lie til.

Hos bilforhandlaren Lieco har dei merka utviklinga svært godt. På få år har salet snudd totalt, frå bensin til elbilar. Med 74 registrerte bilar var Hyundai mest selde bilmerkjet i ny Øygarden dei fire første månadane i år. Heile 67 av dei var elbilar eller 91%, ifølgje Lie.

Les: Bråbrems for bilforhandlarane

Elbilar med lenger rekkjevidde, kombinert med offentleg subsidiepolitikk, har totalt snudd opp ned på bilmarknaden i løpet av få år.

– Klart folk ser på lommeboka. Når folk står fram i avisa og fortel at dei planlegg å flytta på grunn av bompengane, vert det lett å forstå dei som kjøper elbil for å redusera bompengekostnadane, seier bilforhandlaren.

Fryktar konsekvensar
Hos Lieco Auto AS har dei satsa for fullt på nullutsleppsbilar. Like fullt er Lie oppteken av kva konsekvensar utviklinga kan få for bompengenedbetalinga på det nye Sotrasambandet.

Statleg politikk tilseier at elbilar til no har til sluppe gratis gjennom alle bomringar. Nyleg passerte talet på elbilar 200.000, eller vel ti prosent av den norske bilparken. Som ein konsekvens har Regjeringa opna for at lokale bompengeprosjekt kan krevja inntil halv pris av rabattert takst for elektriske bilar. I Hordaland vedtok fylkeutvalet nyleg at elbilane skal byrja betala i eit vegsamband idet talet på elektriske bilar overgår 20 prosent av den totale trafikken i sambandet.

Les: Halv bompengeinnkrevjing frå elbilar

– Dei planlegg nedbetalinga av Sotrasambandet over 20 år, men har vel rekna bompengar ut frå trafikkgrunnlaget for tre år sidan, på ei bru som ikkje er ferdig før 2025? Skremmande, seier Lie.

-Bompengenedbetalinga på Sotrasambandet må reknast ut frå kor stor andel av bilane som passerer er i den rimelegaste kategorien, legg Lie til.

Sjå mot Askøy
På Askøy har dei merka utviklinga lenge. Der var dei mellom dei første til å krevja at elbilane også måtte bidra til å finansiera nye veganlegg.

Les: Skrur opp bompengane i Askøypakken

 

 

4 Comments

  1. Ingen grunn til panikk: Staten kan likestille kjøretøyer uavhengig av motortype, eller bruke mer oljepenger i Norge i stedet for å investere i utlandet. Sotra er jo et typisk prosjekt som det er helt unødvendig med brukerbetaling. Det er også mulig å redusere investeringene i unødvendige veier. Dersom vi skal redusere biltrafikken, så bør det også reflekteres i veibyggingen. Det er også grunn til å stille spørsmål om det er riktig å rasere gode boområder for å bygge raskere veier. Trenger vi en «NTP-light»?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.