Utfordrande å planleggja for ei ukjent framtid

Arbeidsplassar, trafikktryggleik, miljø og støy. Dette er stikkorda for det publikum gjerne ville vita meir om under informasjonsmøtet om ny hamn på Ågotnes.

-Vi kom hit for å lytta, sa ordførar Marianne Sandhal Bjorøy etter at ho saman med hamnedirektør Johnny Breivik hadde freista å svara på ein krysseld av spørsmål frå publikum.

Etter tala på frammøtte å døme, fengjer planane for auka hamneaktivitet på baseområdet på Ågotnes langt fleire enn kvalitetsprogrammet for Ågotnes sentrum.

Les: Nyttar FN sine bærekraftmål som argument for ekstrem folkevekst på Ågotnes

Dei frammøtte var og langt meir frampå i spørsmåla sine enn under møtet for ein knapp månad sidan.

Ukjent framtid
Sjølv om det er vedteke at Bergen Hamn skal flytta til Ågotnes, er det enno mange avgjerder som attstår, var både hamnedirektør Johnny Breivik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy tydelege på.

Etableringa av hamna på Ågotnes skjer i ei tid der rammebetingelsane for sjøtransport er i endring. Mindre gods vert frakta sjøvegen til Bergen enn tidlegare, trass i at sjøvegen har eit stort og unytta potensiale. Samstundes vil dagens manuelle laste- og losseoppgåver i stor grad verta automatiserte som følgje av raske teknologiske endringar, sa hamnedirektør Johnny Breivik.

-Den teknologiske utviklinga går mykje raskar enn det vi ser for oss. Vi veit ikkje kva som kjem, men vi skal ta i bruk den nye teknologien for å skapa ei mest mogeleg effektiv hamn, lova Breivik.

Lova synergiar
Når arbeidsplassane vert automatisert vekk, korleis kan de då snakka om at hamna på Ågotnes vil skapa så mange nye arbeidsplassar, var Bjarte Sangolt ein av dei som gjerne ha svar på.

-Synergiar, var svaret frå Sandahl Bjorøy.

I kvalitetsprogrammet spår konsulentverksemda «Vill Urbanisme AS» 6.000 arbeidsplassar på Ågotnes i 2050. Denne veka var både politikarar og utbyggjarar meir langt mindre konkret i lovnadane.

Mange verksemder vil finna det attraktivt å flytta til det nye hamneområdet. Auka behov for planlegging vil erstatta dagens manuelle laste- og losseoperasjonar. Ikkje alle dei nye arbeidsplassane vil vera direkte knytta til hamneaktivitetane, men det er hamna som gjer at dei vert lokaliserte her, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Ei hamn generer mange ulike typar arbeidsoppgåver. Berre kring 80 av dei 1.500 tilsette på CCB AS i toppåret 2013 jobba på kaien, freista Øyvind Langedal, nytilsett administrerande direktør i CCB AS å roa dei som fryktar at ny teknologi vil automatisera vekk arbeidsplassane.

Ei hamn er langt meir enn lasting og lossing. Berre eit 80-tals av dei 1.500 tilsette ved CCB AS i toppåret 2013 arbeidde på kaien, kunne Øyvind Langedal, nytilsett administrerande direktør for CCB AS, supplera ordføraren i Fjell.
-Det var 4.500 arbeidsplassar i tilknyting til Bergen Hamn i 2015. Ikkje alle haldt til på godshamna, sa Breivik og viste til ein ringeverknadsanalyse BOH har fått utarbeidd.

Tungtrafikk
Utbygginga på Ågotnes vil skje parallelt med bygginga av nytt Sotrasamband. Det er ikkje aktuelt å ta den nye hamna i bruk før Sotrasambandet står ferdig, tidlegast i 2025, ifølgje Breivik.

-Transportørane ønskjer ikkje å stå i kø. For dei er tid pengar, understreka Breivik.

Hamneanlegget på Ågotnes vil føra til at eit 50-tals tunge køyretøy dagleg vil ha behov for å ta turen over Sotrasambandet til og frå Bergen.

Trafikktryggleiken opptek mange. Vegen frå Kolltveit til Ågotnes er skuleveg, minna Andreas Lie Algrøy politikarar og utbyggjarar om.

Omsynet til trafikktryggleiken til ungane tilseier at det må vera ein føresetnad at den nye vegen frå Kolltveit til Ågotnes også står ferdig før hamna flytta, kravde publikum.

Reguleringsplanen for den nye vegen er enno ikkje vedteken, minna rådgjevar Lena Svalastog Garnes på planavdelinga i Fjell kommune dei frammøtte om.
Korvidt den nye vegen frå Kolltveit til Ågotnes vil få to eller fire felt er enno ikkje avgjort. Fjell kommune kjempar framleis med Hordland fylkeskommune om framtidig vegbreidde.

Les: Held fast på to felt til Ågotnes

Finansieringa av veganlegget som er kalkulert til 6 milliardar, er også i det blå. Plassering av ei nasjonal hamn på Ågotnes vil truleg kunna bidra til at veganlegget vert klassifisert som riksveg, og finansiert over Nasjonal Transportplan, seier Sandahl Bjorøy.

Miljø
Bergen Hamn AS har lova ei grøn hamn, men er no denne flyttinga så veldig miljøvenleg, undrast Truls Strandheim. Hamna vert flytta frå Bergen sentrum for å redusera forureininga i sentrum. Er utsleppa så mykje mindre skadelege ute på Ågotnes?

Det er topografien som avgjer. I Bergen vil utsleppa frå fartøya leggja seg som eit lokk mellom fjella. I det flate landskapet på Ågotnes vil utsleppa verta langt meir spreidd, hevda Sandahl Bjorøy.

I ei hamn kjem og går fartøy til alle tider. Vert det mykje støy frå nattarbeid på kontainerhamna, spurte Heidi Solsvik og Aina Ågotnes.

Ei av dei største
På Ågotnes vil Bergen Hamn få 700 dekar å boltra seg på, mot 240 dekar på Dokken i dag. I areal vil Ågotnes dermed kunna konkurrera med dei største hamneanlegga i Europa, og ha meir enn nok plass i overskueleg framtid, i følgje Breivik.

Ein stor del av arealet er alt utsprengt. Investeringskostnadane på oppimot ein milliard kroner ved å flytta til Ågotnes vert likevel relativt små, samanlikna med kva det ville ha kosta om dei hadde måtta opparbeida eit heilt nytt hamneanlegg i urørt natur.

Les: Ågotnes det mest fleksible og miljøvenlege havnealternativet

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.