Festdag med vemod

Ved Telavåg, Glesnes og Liljevatnet skular marsjerte 17. mai-toga i dag ut porten for aller siste gong.

Fjellklang gav tonar til nasjonalsongen til det som truleg var siste 17. maitoget ved Liljevatnet skule.

17. mai er ein festdag for store, men mest for dei små. Barnetoga vert framheva som det særeigne ved den norske feiringa av nasjonaldagen.

For siste gong ut porten på Glesnes skule.

Ved Glesnes, Liljevatnet og Telavåg barneskular vart denne festdagen markert med ein viss vemod. Skulane skal leggjast ned. For siste gong kunne elevar, foreldre og bygdefolk feira nasjonaldagen på barneskulen i si eiga bygd.

Hovudtalar Ruben Håvik la ned krans ved minnestøtta over dei mange menna frå Telavåg som mista livet i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under 2. verdskrigen. Line Hagenes og Amalie Selstø tv.

Få stadar har dei like god grunn til å markera frigjerings- og nasjonaldagen som i Telavåg.

-Skulane betyr alt for 17. mai-feiringa, både for store og små. Det er dei som står for arrangementa, seier Ruben Håvik som var hovudtalar ved minnestøtta til nettavisa Tunnelsyn.no.

Det er noko eige med å kunna markera frigjeringsdagen i nærmiljøet. Det at ungane i Televåg i løpet av hausten kan flytta inn i ny og topp moderne skule i Spildepollen saman med ungane frå Glesnes kjem likevel ikkje til å svekka oppslutninga kring feiringa av nasjonaldagen, er Håvik overtydd om.

-Tidene endrar seg. Å splitta 17. mai-feiringa mellom Telavåg og Glesnes neste år vil ikkje vera naturleg, seier Håvik.

Ein dag for å sjå tilbake, men samstundes vera glad for dei nye nogelegheitane som ligg framfor oss, oppfordra Mariann Øvretveit. 7. klassingane Aleksandra Ellertsen og Martin Arnesen helsa også bygdefolket.

Skulekrinsane er ikkje det einaste som endrar seg. Dette er også siste året Fjell, Sund og Øygarden feirar nasjonaldagen som eigne kommunar.

-Neste år er det mykje som er nytt. Eg håpar vi kan sjå oss tilbake og minnast kor gøy vi har hatt det, men samstundes vera glad for dei nye moglegheitene som ligg framfor oss, sa Mariann Øvretveit som haldt talen for bygda Televåg.

-Av og til er det lurt å ta imot det livet har å by på. Om ikkje kan ein risikera å verta frårøva viktige opplevingar og livserfaringar, oppfordra ho.

17. mai handlar om eit sterkt felleskap der det er plass til alle, og ein felles identitet som vi er uendeleg stolte over. Norge er trass alt verdas beste land å bu i, avslutta Øvretveit.

Foreldra ved Liljevatnet er ikkje glade over at skuleungane skal flytta til Brattholmen frå hausten av. Nyaste skulen i Fjell er ramma av den politiske sparekniven. Går det som politikarane håpar og trur, vil skulen verta ombygd til barnehage.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.