Slaktebåten får dispensasjon

Hav Line AS og slaktefartøyet Norwegian Gannet får mellombels dispensasjon til å sortera vekk produksjonsfisk i Danmark.

Slaktefartøyet Norwegian Gannet har fått 26,6  millionar kroner i statsstøtte for miljøvenleg sjøtransport, men vart nekta drift. Arkivbilete.

Det er fiskeriminister Harald T. Nesvik som har teke avgjerda om å gje Hav Line AS dispensasjon frå den nye føresegna om kvalitetsfisk som vart innført i april og som krev at produksjonsfisk ikkje får sendast ut av landet, kjem det fram av ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Les: Nesvik vil ha omkamp i retten

Produksjonsfisk er oppdrettsfisk med synlege sår og misdanningar.

Dispensasjonen gjeld fram til 1. juli 2020. Vilkåret er at produksjonsfisken vert returnert til Norge.

Hav Line vert pålagt å rapportera kor mykje fisk som vert sortert vekk, og leggja tilrette for statleg tilsyn.

Administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line Gruppen AS får frist på seg til 1. juli neste år på å koma til ei løysing for handtering av produksjonsfisk som fiskeriministeren kan godta.

Slaktefartøyet skal henta fisken i merdene til oppdrettsanlegga langs Vestlandskysten. All slakting skal skje om bord. Den nedkjølte fileten skal leverast til Hav Line sin nybygde terminal i Hirtshals.

Fartøyet har ein kapasitet på 1.000 tonn sløyd fisk per tur, eller 20.000 fisk i timen. Etter planen vart det lagt opp til 140 turar årleg mellom oppdrettsanlegg på Vestlandskysten og Hirtshals.

Fisken vil verta levert til Danmark to døgn raskare enn om han hadde blitt transportert med trailer frå slakteri langs norskekysten. Slik kan han spara det norske vegnettet for inntil 86 trailerlass per tur.

Norwegian Gannet vert eigd 50 – 50 av Sekkingstad-familien på Sotra og Haugland Gruppen AS i Bergen.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.