Set tak på bompengeauken

Mindre veg. Stabile bompengesatsar. Bilistane i byområde som Bergen skal ikkje få auka bompengar som følgje av kostnadsauke og inntektssvikt.

Jon Georg Dale (Frp), Samferdselsminister

Det melder samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Mindre veg
Kostnadsauke og inntektssvikt i bompengepakkar med fleire prosjekt i område med byvekstavtalar skal handterast ved å nedskalera prosjektet eller kutta einkelte av tiltaka i pakken, slår samferdselsministeren fast.

Slike situasjonar har til no gjerne vorte handtert enten gjennom ein auke i bompengane, eller ei forlenging av innkrevingsperioden.

-Det skal ikkje lenger vera aktuelt å leggja fram reviderte bompengepakkar for Stortinget berre for å dekka inn kostnadsauken i einskildprosjekt eller inntektssvikt som følgje av lågare trafikk enn venta, melder samferdselsministeren.

Tilpassa til inntektsstraumen
-Dimensjoneringa av bompengepakkane må tilpassast den faktiske inntektsstraumen, krev han.

-Vi ser alt no byområde der det er manglande samsvar mellom inntekter og kostnadar på prosjekta i porteføljen. I desse avtaleområda bør dei alt no ta inn over seg at det ikkje vil vera adgang til å auka inntektssida. Heller starta arbeidet med kostnadsreduksjonar i prosjekta eller kutta helt ut prosjekt ein kan klara seg utan eller ikkje har råd til, seier samferdselsministeren.

Gjeld ikkje Sotrasambandet
Samferdselsministeren sitt tak på bompengeveksten gjeld ikkje standard strekningsvise bompengar, som Sotrasambandet. Om inntektene sviktar her, skal det framleis vera mogeleg å auka takstane med 20 prosent, og auka innkrevjingsperioden med inntil fem år.

Les: Delar ikkje frykta for sprekk i bompengeinntektene

Les: Spår katastrofe for bompengenedbetalinga på Sotrasambandet

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.