No er også Fjell råka av stagnasjonen i folkeveksten.

Folkeauken i nye Øygarden dei tre første månadane i år utgjorde berre 35 personar, viser siste oversikten frå Statistisk Sentralbyrå.
Netto fødselsoverskot for dei tre kommunane sett under eitt var på 38. Samstundes flytta tre fleire personar vekk herifrå enn som flytta til kommunane i vest.
Folkeveksten i vekstkommunen Fjell var på beskjedne 28 personar. Det hjelper ikkje å ha mange bustadar til sals. Berre to personar flytta til kommunen dei tre første månadane i år.
Folkevekst 1, kvartal 2019 | ||||||
Folketal 1.1.2019 | Netto fødselsoverskot | Netto innvandring | Folkevekst | Folkevekst % | Folketal 31.03.2019 | |
Sund | 7062 | 4 | -5 | -1 | – 0,01 | 7061 |
Fjell | 26166 | 26 | 2 | 28 | 0,11 | 26194 |
Øygarden | 4889 | 8 | 0 | 8 | 0,16 | 4897 |
38117 | 38 | -3 | 35 | 0,09 | 38152 |