-Golta ein ideell plass

Nærleiken til kysten og rikeleg tilgang på friskt vatn er største konkurransefortrinnet for dei som ønskjer å satsa på landbasert oppdrett, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP). I dag var han på synfaring på Golta.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik meinte han skulle til ein landbasert oppdrettsanlegg. Han stussa difor litt då ferda frå Hjellestad gjekk med rib ut i ope hav i retning Shetland.

Landbaserte oppdrettsanlegg er førebels i ein tidleg fase. Å få fleire slike landbaserte anlegg er ein ønska politikk frå den noverande regjeringa. I raudlyssona for fiskeoppdrett langs Hordlandskysten peikar landbaserte anlegg seg ut som ein måte å omgå forbodet mot vekst i slaktevolum.

Les: Sotra framleis raud sone for lakselus

På Golta freistar gründarane Petter B. Olsen og Johnny Bernhardsen i Seafood Group AS å få konsesjon for eit pilotanlegg for landbasert oppdrett basert på SIFT-teknologi.

Årleg produksjonskapasitet i pilotfasen vil vera kring 250 tonn. Viser det seg at teknologien held det gründarane håpar og trur, er planen å oppskalera anlegget,  i første omgang til kring 6.500 tonn årleg. Ved maksimal utnytting i fase tre vil dei kunna nærma seg ein årleg produksjon på 20.000 tonn matfisk, ifølgje Bernhardsen.

I startfasen vert det rekna at anlegget vil gje seks arbeidsplassar. Full produksjon vil krevja eit 30-tals tilsette.

Konkurranse
Fiskeriministeren har så langt godkjent 10 landbaserte oppdrettsanlegg. Gründarane på Golta konkurrerer med ytterlegare 82 norske konsesjonssøknadar. Slepp dei gjennom nålauga, vil dei møta raskt aukande konkurranse. Mange anlegg er under planlegging, både i Norge og i utlandet, mellom anna i USA, seier Nesvik.

-Det er produksjonskostnaden per kilo fisk som er det mest interessante, seier Nesvik som sjølv har bakgrunn frå oppdrettsnæringa.

Med dagens laksepris på over 70 kroner kiloen er dette ei gunstig tid å utvikla nye løysingar. Situasjonen hadde vore ein heilt annan om prisen hadde vore under 50 kroner kiloen, medgjev fiskeriministeren.

Dei som er tidleg ute må ta kostnadane med å utvikla den nye teknologien. Samstunds kan dei dra fordel av at dei konsesjonane som vert tildelte no er gratis. Slik vil det truleg ikkje vera så veldig lenge. Nokre kommunar kan dessutan tenkjast å villa påleggja eigedomsskatt på landsbaserte oppdrettsanlegg, åtvarar fiskeriministeren.

Fiskehelse
Ei etablering på Golta vil avhenga av «tommelen opp» frå mange instansar. Fiskeriministeren er berre ein av dei. Som politikar legg han seg ikkje opp i gründarane sine teknologival. Dei vurderingane han skal gjera er knytta til fiskehelse, sjukdomsrisiko og miljømessig bærekraft.

Gründarane ser for seg eit supereffektiv anlegg med ein produksjon på 75 – 100 kilo per kubikkmeter vatn i startfasen, aukande til oppimot 250 – 300 kilo per kubikkmeter etterkvart.

Nesvik synes det kan høyrast vel optimistisk ut.
-Produksjonen er langt større enn det som er mogeleg å få til i dag, åtvarar han.

Det er bruken av SIFT-teknologien som gjev grunnlag for gründarane sin optimisme. Teknologien skal sikra ei mest mogeleg effektiv vassgjennomstrøyming i det landbaserte anlegget, med full reinsing av vatnet og 95 prosent gjenbruk av vatnet, ifølgje Bernhardsen.

Eit lukka, landbasert anlegg vil vera svært sårbart for spreiing av smittsame sjukdomar. Ein risiko som vil verta redusert om ein aukar tilførsla av friskt vatn, ifølgje Nesvik.

Gründarane Petter B. Olsen (tv) og Johnny Bernhardsen lovar fiskeriminister Harald T. Nesvik å freista utvikla ein supereffektiv teknologi for landbasert oppdrett. Svein Otto Jacobsen (FrP) th, leiar for planutvalet i Sund, tok initiativ til å henta fiskeriministeren til Sund. No lovar han å ta opp kampen mot fylkesmannen i Hordaland for at Seafood Group AS skal kunna ta i bruk den utsprengte tomten på Golta.

Golta ideell
-De vil trenga langt meir vatn, for å få tilstrekkjeleg vassgjennomstrøyming, hevdar fiskeriministeren.

-Dette vil vera eit forskingsprosjekt. Om vi ikkje får det til, vert det tilbake til velprøvd teknologi og eit konvensjonelt anlegg, seier Bernhardsen.

-Tilgang på rikelege friskt vatn vil vera ein føresetnad for å lukkast, og eit konkurransefortrinn for dei norske oppdrettarane som etablerer seg med landbaserte anlegg langs kysten, seier Nesvik. Slik sett er Golta ei ideell lokalisering, konkluderer han.

Bølgjebrytar
Men fleire tilhøve må på plass, skal gründarane kunna etablera seg på Golta.

Det landbaserte anlegget skal plasserast heilt i sjøkanten, med bølgjene frå Nordsjøen tordnande inn frå vest. Ei fullskala satsning krev etablering av ein bølgjebrytar med solide dimensjonar ut mot Nordsjøen for å hindra skader på anlegget og sjøoppbygging inne i det tronge sundet.

-Eit kontroversielt tiltak, medgjev Bernhardsen.

-Naudsynt, hevdar ordførar Kari-Anne Landro (H) i Sund som deltok på omvisinga saman med fiskeriministeren. Orkanen Nina for nokre år sidan viste korleis naturkreftene kan herja akkurat her på Golta, argumenterer ho.

Utsprengt tomt
Den aktuelle tomten vart sprengt ut alt på 1980-talet. I dag ligg det 16 mål store området brakk og tilgrodd.

-Storparten av området er alt regulert til næring. Berre den delen av området som er tiltenkt til bygginga av bølgjebrytaren er førebels uregulert. Etter krav frå fylkesmannen i Hordaland har eit samrøystes formannskap gått inn for å ta oppdrettsanlegget og heile området inn i den nye kommuneplanen for Sund, seier ordføraren.

Samtalane kommunen har hatt med fylkesmannen har bidrege til at kommuneplanen har blitt justert, i håp om at dei skal unngå motsegn. Ordføraren er optimistisk.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.