– Det er kjekt å sjå unge andlet som lyser opp i stolthet over å meistra.

Sjølv lyste stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) opp i begeistring over det ho fekk høyra då ho i dag vitja Basecamp RePro på Straume.
-Eg ønskjer å bidra til at den oppveksande generasjonen skal engasjera seg i demokratiet vårt, grunngjev Wilhelmsen Trøen dagens besøk. Politikaren har eit særleg engasjement for barn og unge, og prøver å møta desse gruppene når ho er ute og reiser.
Basecamp RePro er eit tiltak for ungdom i alderen 16 – 25 år som er i fåresona for å detta utanfor i skulen, som ikkje får læreplass eller som ikkje meistrar det norske språket. Eit samarbeidstiltak mellom Fjell kommune, Sartor Storsenter AS og Kyrkja i Fjell.
– Mange av dei som går her har gitt opp, men dei har draumar. Vi hjelper dei å ta tak i draumane og få dei til å tru at det går an, seier dagleg leiar i Basecamp og ungdomsdiakon i Fjell, Jon Andreas Tjentland.
Les: Basecamp RePro – eit annleis tilbod om arbeidspraksis
-Det har vore ein dramatisk reduksjon i talet på uønska hendingar sidan Basecamp var oppretta, rosar styremedlem Thomas Skålnes som til dagleg jobbar i Sartor Holding.
På Basecamp RePro får ungdomane arbeidspraksis og ein stad og vera. Det byrja med reparasjon av slitne syklar. No byrjar sotrastrilane få opp augene for staden. I vår hadde dei 130 ferdig oppussa syklar klare for sal. No har dei berre ei handfull att, fortel Tjentland.
-Dette er meint å vera eit kommersielt tiltak. I fjor innbrakte sykkelsalet kring 350.000 kroner til drifta av tiltaket, legg dagleg leiar til.

Den siste tida er tilbodet utvida til også å omfatta ein avdeling for saum og redesign av klede.
-Vi gjev dei einskilde tett oppfølging. Dette er langt meir enn ein ungdomsklubb, forsikrar Tjentland.
Totalt har eit 60-tals ungdommar vore innom dørene sidan starten i 2016.
-Tiltaket er ganske unikt i norsk samanhang. Vi får ofte henvendingar frå andre kjøpesenter som ønskjer å gjera noko tilsvarande, supplerer Skålnes.