Det vert ingen byvekstavtale no

Forhandlingane om ein byvekstavtale braut saman i innspurten.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) og varaordførar Tom Georg Indrevik (H) møtte statssekretær Anders Warp i samferdsledepaartementet til endelege forhandlingar om byvekstavtalen for Bergens-området fredag. Arkivbilete.

(Saka er oppdatert).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var innstilt på å inngå ein avtale med Samferdselsdepatementet og dei øverige kommunane i Bergensområdet då dei møttes til avsluttande forhandlingar fredag.

I staden braut forhandlingane saman i innspurten.

-Det gjekk ikkje bra i dag. Det vart pause i forhandlingane fordi Os ønska det, skriv Sandahl Bjorøy i ein SMS til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Forhandlingane var utruleg spesielle, legg ordføraren i Fjell til.

Mest sannsynleg er forhandlingane utsett til etter kommunevalet. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) har fått ansvaret for å få forhandlingane tilbake på skinner, ifølgje Bergens Tidenden.

Heitt tema
Byvekstavtalen vart eit heitt tema på torsdagens kommunestyremøte i Fjell. Signala frå dei folkevalde var langt frå eintydige. Bør Fjell gå med i byvekstavtalen for Bergensområdet, no? Bør vi utsetja forhandlingane til etter kommunevalet til hausten? Får vi nok att for å gå med i ein slik avtale?

Bør Fjell kanhende gjera som Os og Lindås? Der har dei utsett behandlinga av spørsmålet til etter valet.

Les: Kjempar om byvekstavtalen

-Husk at det og følgjer pengar med avtalen, oppfordra ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som saman med varaordførar Tom Georg Indrevik (H) har delteke i forhandlingane med samferdselsdepartementet.

I morgon møter dei statssekretær Anders Werp (H) til det som er varsla å vera siste forhandlingsmøte. Kva det endelege avtaleutkastet vil innehalda vil ikkje vera klart før møtet er over, ifølgje Sandahl Bjorøy. Ordføraren i Fjell kan difor ikkje i dag seia om ho vil tilrå avtalen eller ikkje.

Endar det med at den politiske leiinga i Fjell forlet møtet med samferdsledepartementet med ei god kjensle, vert det ekstramøte i kommunestyret mandag 27. mai for å diskutera avtaleutkastet, vart det klart etter gruppemøte i kommunestyret.

Politikarane vil då kunna avgjera om Fjell vil godta avtalen slik han føre, utsetja behandlinga til etter valet, eller avvisa det føreliggjane forslaget til avtale.

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

3 thoughts on “Det vert ingen byvekstavtale no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.