Tok opp spørsmålet om opphavet til «Øygarden»-namnet

Stein Lund har lenge freista få innsyn i prosessen kring valet av namn på det lokalmedisinske senteret på Straume. No må ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) svara.

Tok opp spørsmålet om innsyn i prosessen kring valet av Øygarden-namnet, Anita Garlid Johannessen (FrP).

For ei tid sidan fortalte Stein Lund i nettavisa Tunnelsyn.no om vanskane med å få innsyn i prosessen kring namnevalet på det flunkande nye lokalmedisinske senteret på Straume. I likhet med mange andre Sotrastrilar tenkjer han at valet av Øygarden-namnet ikkje er heilt uproblematisk, og at namnvalet burde ha vorte avgjort gjennom ein demokratisk prosess.

Les: Kjempar mot «Øygarden» på mange frontar

-Kven stilte forslaget om at senteret skulle heita «Øygarden lokalmedisinske senter»? har Lund forgjeves spurt ordførar og administrasjon i Fjell om.

-Kvifor nyttar vi «Øygarden»-namnet når alle er mot det, har Stein Lund fått spørsmål om frå ungar i nærmiljøet på Litle Sotra.

-Styringsgruppa for LMS har med bakgrunn i eit innsendt forslag, avgjort at senteret skulle heita Øygarden Lokalmedisinske senter, er alt Lund har fått vita, trass fleire henvendingar.

I dag tok Anita Garlid Johannessen (FrP) opp Lund sine vanskar med å få innsyn i spørjetimen i kommunestyret.

– Er ikkje dette offentleg informasjon, spurte Garlid Johannessen ordføraren i Fjell.

– Lund har fått svar, hevda Marianne Sandahl Bjorøy (A). Ho gav likevel uttrykk for at ho skal sjå på saka ein gong til.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.