Roser på piggtråd

Piggtrådrosa er ein tidleg raritet i rosehagen. 

Piggtrådrose, vingerose
Legg merkje til dei små, nye skota på fjorårets grein.

Rosesesongen startar tidlegare år for år.  Alt torsdag denne veka opna Piggtrådrosa første blomen i rosehagen på Straume. I år som i fjor var denne rariteten førstemann ut.

Les: Rekordtidleg rosestart

Vingerose, som ho og vert kalla, er ei einkel rose med berre fire kronblad. Rosene står berre nokre dagar, så ein uoppmerksam hageeigar risikerer å gå glipp av opplevinga.

Piggtrådrosa blømer på fjorårets greiner. Greinene er dekka av store, piggtrådliknande tornar, derav namnet.

Den svært spesielle rosa kjem visstnok frå Kina, der ho vart oppdaga i 3.500 meters høgde i 1890, ifølgje heimesida til Heslebergs gartneri.

Nyplantingane hageeigaren har gjort siste åra har bidrege til at rosesongen no startar så tidleg at han overlappar med rododendroen. Både spinississima, moyesii og kanadiske Louise Bugnet står fulle av sprikkeferdige knoppar.

Les: Mens vi ventar på dei store, vulgære

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.