Spede spirer fekk bein å gå på

Det var mange som trippa utolmodig før Sotra Hagelag opna salet under årets planteloppemarknad.

Mary-Ann Golten (tv) i Sotra Hageleg freista med rimelege stiklingar. Eva Skjold hadde teke turen over brua og var spent på kva ho ville finna. Eit plommetre, grasløk og sjokolademynte skal no plantast på hytta i Øygarden.

Mellom dei godbitane som gjekk aller først var to store peonrøter til 50 kroner, fortel Mary-Ann Golten i Sotra Hagelag til nettavisa Tunnelsyn.no.

Planteloppemarknaden på Sotratrappa har blitt ein tradisjon. Små og store hageeigarar og balkongkassedyrkarar kan her finna breidt utval til å utvida den heimlege floraen.

Nyttevekstar, stauder, stiklingar til fjellhagen og prydbuskar i fleire storleikar gjekk fort unna.

-Det er utruleg inspirerande at folk kjem hit og kjøper plantar. Og det er hyggeleg å kunna selja rimeleg. Her kan folk få meir for pengane, reklamerer Golten.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.