Her kan det verta lenge å venta

Dei reisande må belaga seg på lange ventetider når anleggsarbeidet på Skiftesvik – Marikoven tek til i haust.

Dei reisande kan  risikera å måtta venta 2 – 3 timar på å sleppa fordi når 35.000 kubikkmeter stein frå denne 30 meter høge fjellskjæringa skal sprengjast og fraktast vekk. Foto: Statens vegvesen/Geir Brekke.

Statens vegvesen lyser i desse dagar ut anbodet på utbetring av fv. 213 Skiftesvik – Marikoven.

Nedsprenging av ei inntil 30 meter høg og 120 meter lang fjellskjæring i Kvitaneset vert den mest krevjande oppgåva på den 1,4 kilometer lange vegstrekninga. Heile 35.000 kubikkmeter stein skal sprengjast og fraktast vekk. Storparten av sprengingsarbeidet vil truleg skje neste sommar, frå juni til september.

Det er store massar som skal sprengast og ryddast vekk. Av omsyn til tryggleiken vil entrepenøren få anledning til å stengja vegen i periodar på inntil 2 – 3 timar mellom klokka 9.30 og 13.30 frå juni til september 2020. I fellesferien 2020 får entreprenøren og høve til å stengja vegen mandag til torsdag i tidsrommet mellom klokka 23.00 og 06.00, seier fungerande assisterande prosjektleiar Håvard Hunskaar i Statens vegvesen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Statens vegvesen legg opp til eit samarbeid med Skyss om avvikling av bussrutene i perioden. Dei er og i dialog med naudetatane, fortel Hunskaar.

Askøypakken har ingen føringar for avhending av steinmassane. Kva som vil skje med steinmassane, vert det difor opp til entrepenøren som vinn anbodet å avgjera.

Medrekna grunnerverv og opparbeiding av fortau er totalkostnaden for heile prosjektet kostnadsrekna på til om lag 150 millionar kroner, ifølgje Hunskaar.

-Dette vert det sjette av dei ti delprosjekta i Askøypakken som vert realisert, seier Hunskaar.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.