Planlegg å henta 1 milliard frå bilistane i Bergensområdet

Inntektene i bomringen i Bergen vert venta å auka med 300 millionar kroner dette året.

250.000 bilar passerer dagleg forbi bomstasjonane i Bergen. Arkivbilete.

250.000 bilar passerer no ein av bomstasjonane i Bergen dagleg. Innføringa av den ytre bomringen auka talet på daglege passeringar med heile 122.000,  kjem det fram av ein rapport frå Ferde AS til Hordaland fylkeskommune.

300 millionar meir
Auka takstar, innføringa av den ytre bomringen, rushtids-avgift og halv takst for elbilar vert venta å auka inntektene i bomringen i Bergen frå 700 millionar kroner i fjor til vel ein milliard dette året.

Bilistane i Bergensområdet betalte til saman 114,8 millionar kroner i bompengar berre i januar og februar i år. I løpet av dei to første månadane i år auka inntektene i bomringen med 10,9 millionar kroner, eller 10,4 prosent, samanlikna med same perioden i fjor.

Inntektsauken vart mindre enn venta, grunna den forseinka innføringa av den ytre bomringen. Innføringa av rushtids-avgift og auka takstar har ført til ein nedgang i den totale trafikken.

Talet på elbilar forbi bomstasjonane utgjorde 20,8 prosent i februar.

Gjelda på prosjekta som skal finansierast gjennom bomringen utgjorde nær 5,3 milliardar kroner ved utgangen av mars. For å halda framdrifta i dei påbegynte prosjekta vil det vera naudsynt å auka låneopptaket med kring 300 millionar kroner i løpet av 2019.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.