Sirkus ut til folket

Både Sund og Øygarden står på reiseruta til Cirkus Arnardo sin 70-årsturne.

Til inspirasjon for lokale BMX-syklistar?

I år er det 70 år sidan Arne Arnardo første gong drog land og strand rundt og mora nordmenn med sitt heseblesande sirkusshow. Sidan den gongen har heile ni millionar nordmenn site ringside i manesjen på ein av dei 12.000 førestellingane.

70-årsjubileet skal feirast med ein halvtår lang turne. For første gong på lenge skal og Øygarden få besøk. Denne gongen vil sirkuset stoppa og slå opp teltet ved brannstasjonen i Naturgassparken.

På programmet i år står mellom anna fly-akrobatikk, raske klesskift og bungee-hopp. Unge sykkelentusiastar kan sjå fram til spektakulær sykkelakrobatikk med BMX-flips og Trial-tricks der det vert tråkka til med stor kraft i ei hinderløypa, lovar sirkusgründaren sitt barnebarn Are Arnardo som vidarefører familieverksemda.

Blansekunst, presisjonsskyting, sjonglørar og musikalske klovnar høyrer sjølvsagt og med, lovar arrangørane.

Førestellinga er samstundes ei markering av at det moderne sirkuset fyller 250 år. Første førestellinga var i England.

Circus Arnardo startar turneen i Bergens-området på Kleppestø laurdag 1. juni.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.